Kaja Aamlid frå Fyresdal SSL var på krinssamling på Rauland saman med ni andre 15–16 år gamle skiskyttarar denne helga. 		begge
Kaja Aamlid frå Fyresdal SSL var på krinssamling på Rauland saman med ni andre 15–16 år gamle skiskyttarar denne helga. begge

Endeleg er den kvite fine tida her

Løypene var preppa, nedfartar opna og folket strøymde ut i skispora denne helga då det endeleg var klart for sesongopning.

Rauland

Gleda over at ein endeleg kunne trø og kanskje teste skia på kvitt dekke att, var stor både for unge og eldre denne helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre skidestinasjonar har alt opna deler av trasear og løyper, i hovudsak med hjelp av kaldt vêr og kunstsnø, men i helga sytte vêrgudane for at det kvite teppet la seg over heile regionen.

Sesongstart

Førre helg vart mellom anna dei fyrste langrennsspora klare mellom Asbjørnsro og Kuskard i Tokke kommune og denne helga kunne ein leggje av stad i fleire maskinkøyrde trikkespor området ved Hallbjønnsekken.

Då sola skein frå blå himmel sundag, vart kanskje årets fyrste langrennstur gjennomført for mange.

Gjestene på Rauland skisenter kosa seg i bakken.
Gjestene på Rauland skisenter kosa seg i bakken.

Sesongstart var det også i nedoverbakkane. Vrådal skisenter opna dei fyrste nedfartane førre helg, og denne helga var det sesongopning ved Rauland skisenter og barnebakken og ein del av terrengparken på Vierli.

Av dei i alt 48 nedfartane som Rauland har tilbod om, opna fem nedfartar og heisar denne helga.

Gjekk i kø

På veg frå høgfjellshotellet til Vierli kunne ein sjå ei rekkje langrennsløparar på rekkje og rad teste skisporet laurdag.

Her var det både hyttefolk og lokale, som ytra glede for at vinteren endeleg har kome. Trass i eit noko opptrakka og sukkeraktig spor, smilte gjestene som kom og gjekk av stad frå Vierli.

Fyrste treningssamling på snødekke vart det også for dei ti ungdommane frå Telemark Vestfold skiskyttarklubb. Dei var samla på Vierli laurdag, fyrst for ei økt med skyteteknisk trening kombinert med langrenn, deretter var det fartstrening.

Artikkelen held fram under annonsen.

tone.tveit@vtb.no