annonse

Vesttelar fekk stipend

Får stipend
Får stipend: Bjønn Raftevold Rue får 50 000 kroner for å utvikle seg som dansar og instruktør. Stein Versto (t.h.) og Siri Sandersen med hatten. (Foto: Telemark fylkeskommune)

Stein Versto og Bjønn Raftevold Rue får 50 000 kroner i kunstnarstipend av Telemark fylkeskommune.

Øystein Øygarden

Kvart år deler fylkeskommunen ut kunstnarstipend på 50 000 kroner. Kunstnarar innan musikk, dans, teater, fotografi, biletkunst og kunsthandverk kan søkje. Stipendet skal gå til kompetanseheving, utstyr eller som arbeidsstipend. Søkjaren må vera busett i Telemark eller ha nær tilknyting til fylket. Årets tre stipendmottakarar bur alle i fylket.

Skriv på roman

Stein Versto debuterte som forfattar i 1990. Dei siste åra har han gjeve ut bøkene Nidaros og Så nær kan du sjå meg. Han har også samarbeidd mykje med Odd Nordstoga, og står bak teksten til songar som Borga i Ur, Frøken Frantzen og Pilegrim. Versto har også jobba som omsettar, vore med og arrangert Litteraturdagane i Vinje og sete i Det litterære råd i den norske forfattarforeining i mange år. Han leia også foreininga i fire år. Versto bur og arbeider i Vinje, og vil bruke stipendet til å fullføre eit romanprosjekt som skal vera ferdig til hausten. Stipendet vil gje han arbeidsro til å skrive ferdig romanen, melder fylkeskommunen i ei pressemelding.

Vil lære av andre

Bjønn Raftevold Rue frå Flatdal er folkedansar. Han dansar springar, gangar og halling. Rue har deltatt på Landskappleiken to gonger og blitt premiert. Han er aktiv som instruktør for barn og unge, mellom anna for Tusseleiken i Seljord og for Vinje Spel og dans. Han deltok også i prosjektet Tiljetakt, bygda dansar i perioden 2013–2016. Dette var eit prosjekt der ungdom rundt om i fylket møttest for å øve på folkedans. Rue får stipendet for å kunne utvikle seg som dansar og instruktør, og vil mellom anna oppsøke dyktige hallingdansarar for å lære av dei. Han er også opptatt av å hente fram att gamle og gløymde element frå pardansen innan halling.

Biletkunstnar Siri Sandersen frå Porsgrunn var det tredje som tok imot stipend frå fylkeskommunen. Ho får stipendet for å jobbe med prosjekt knytt til forureiningsproblematikk, menneskets avtrykk på jorda og moglegheita for god dialog mellom natur og menneske.

Det var politikarane i hovudutvalet for kultur, idrett og folkehelse som avgjorde kven som tok imot stipenda.

oystein.oygarden@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.