«Gamalt frå Kviteseid» kjem ut for 33. gong på torsdag.
«Gamalt frå Kviteseid» kjem ut for 33. gong på torsdag.

Krigsminne, eventyr og uvyrdslåmir

Denne veka gjev Kviteseid historielag ut årsskriftet «Gamalt frå Kviteseid» for 33. gong.I år kan ein mellom anna lese Soga frå Tveitloftet, om Astrid Brekkes lengste reise og ein ukjend krigar frå kommunen.

Kviteseid historielag blei skipa i 1985 etter initiativ frå Arne Nordskog, og utgjevinga av årsskriftet «Gamalt frå Kviteseid» har blitt ein viktig del arbeidet til laget.

Redaksjonsnemnda i årsskriftet er Jørgen Moen, Steinar Smeland og Tore Skaug, og dei tre karane gjev ut ei variert og artig bok med historiske artiklar og bilete frå Kviteseid. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med dette legg redaksjonskomiteen fram Kviteseid historielags årsskrift nummer 33, og som vanleg håpar me at årrskriftet har noko for ein kvar smak og at alle finn noko av interesse i årboka, skriv dei i forordet.

Redaksjonen varslar at det frå og med neste år vil bli endringar i produksjonen av årsskriftet.

– Dei siste 12 åra har årsskriftet vore redigert i Målsmia, men med årets ugåve blir det sett eit avgjerande punktum for denne produksjonsmåten. Alderen krev sitt, og årboka krev nye og friske krefter. Den avtroppande redaktøren takkar for interessante år og arbeidsoppgåver og ønskjer vel møtt til nye redaksjonelle medarbeidarar.