Natt til tysdag starta det å brenne i denne verkstaden i Seljord.
Natt til tysdag starta det å brenne i denne verkstaden i Seljord.

Verkstadbrann i Seljord

Natt til tysdag starta det å brenne i bilskadesenteret til Seljord bil på Vallar.

Politiet melder på Twitter at dei fekk inn ei melding om mogleg brann i ein verkstad ved Flatdalsvegen i Seljord 02.55, natt til tysdag.

Naudetatane kom til verkstaden, og brannvesenet starta å lokalisere kvar røyken kom frå. Det var ikkje fare for spreiing av brannen. 

Artikkelen held fram under annonsen.

04.35 melde politiet at brannvesenet hadde kontroll på brannen, men vil halde fram med etterslokking til utpå føremiddagen.

Det var store skader på fleire bilar som stod inne i verkstaden, kunne politiet melde og vil etterforske saka vidare.

#Seljord02:55 Melding om mulig brann i verksted i Flatdalsvegen. Nødetatene rykker ut til stedet. Oppdateres når vi er framme.

— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)27. november 2018