Møtte ungdommen: Representantar frå politiet, Røde Kors, Kviteseid kommune og brannvesenet hadde møtte opp til den årlege Trygg på vatn-dagen i Kviteseid.

Vil førebyggje ulykker med kunnskap og gode haldningar

Tryggleik på vatnet var tema då representantar frå politiet, brannvesenet, Røde Kors og Kviteseid kommune inviterte ungdom frå Kviteseid og Høydalsmo til ein skuledag ute.

– Dette er veldig relevant. Eg er mykje på fjorden om sommaren, seier Vemund Aamot. Han går i 9. klasse på Kviteseid skule og synest det er fint med ein dag der dei kjem seg ut av klasserommet for å lære om tryggleik på vatnet.

Det var ordførar Bjørn Nordskog som i 2019 tok initiativ til å arrangere ein dag der fleire instansar deltek for å førebyggje ulykker.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men me skal ikkje ta frå ungdommen gleda med å vere på vatnet, seier han.

I år var ungdom frå skulane i Kviteseid og Høydalsmo invitert.

Brukar vest: Vemund Aamot og Kjersti Straand Olsen meiner ungdommen i Kviteseid er forsiktige på vatnet. — Me køyrer i båtar som er lovlege for oss og brukar vest. Det er det viktigaste, seier Vemund.

Vil gjere ungdommen i stand til å ta gode val

Politistasjonssjef i Midt- og Vest-Telemark, Sigrid Dahl, har vore pådrivar for ein handlingsplan der visjonen er null skadde og drepne i trafikken i Vest-Telemark. Vest-Telemarkrådet har koordinert arbeidet med handlingsplanen, som har fokus på å skape gode haldningar både for dei som ferdast på veg og vatn. Den førebyggjande dagen i Kviteseid er eit av tiltaka som er nemnt i nullvisjonsplanen.

– Me ynskjer jo at ungdommen skal vere aktive og ute, men det må skje så trygt som mogleg. Og det er ungdommen sjølv som er dei viktigaste tryggleiksskaparane, seier ho.

Som eit ledd i å førebyggje ulykker på vatnet meiner ho det er viktig å gje ungdommen kunnskap som gjer dei i stand til å ta gode val.

Viktig å møte ungdommen: — Dette er ein takknemleg arena for oss å møte ungdommen på, seier Sigrid Dahl.

Kan påverke for framtida

Christian Grüner frå politiet i Midt- og Vest-Telemark meiner det er ein del promillekøyring på vatna, også i Vest-Telemark.

– Me tek nokon kvart år på kontrollar på innlandsvatna i Øvre-Telemark, seier han.

Grüner håpar at politiet på denne dagen kan vere med på å bevisstgjere ungdommane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ungdomsskuleelevane VTB snakkar med trur ikkje det er ruskøyring blant ungdommane i Kviteseid.

– Men det er kanskje meir blant dei som er eldre, seier dei.

– Me er neste generasjon. Når me får gode råd nå kan me vere med på å påverke for framtida, seier Vemund Aamot.

Samarbeid: Regine Heimdal frå Kviteseid frivilligsentral, Bård Breidalen frå Kviteseid brannvesen og Tone Heddesli som hadde med seg redningshund deltok på dagen.
Frå Høydalsmo: Åsmund Støyle Rasmussen (f.v.), Sverre Nygård Ståland, Mathias Aamot Ingvaldsen, Mathea Gulseth og Sigrid Moen Lofthus frå 9. klasse på Høydalsmo skule helsar på redningshunden.
Gler seg til sommar: Jens Andreas Holte frå Kviteseid, Saamund Martinsen Heggtveit frå Åsgrend og Kristoffer Andersen frå Vrådal.
Førstehjelp: Røde Kors frå Fyresdal lærte ungdommane om grunnleggjande førstehjelp.