Glatt på E134 – trafikken både austover og vestover vart stoppa i Høydalsmo

Trafikken både austover og vestover vart stoppa i Høydalsmo mellom klokka 17 og 17:30 tysdag, melder ein VTB-tipsar. Vegen skal no vere open att begge vegar.

Austover var vegen sperra av eit vogntog på tverke, medan det var så glatt over Grønlihei at ein stoppa trafikken vestover fram til vegen var strødd.

Vegtrafikksentralen melde klokka 16:29 tysdag om at vogntoget sperra E134 ved Kvålsgrend i Tokke, og at entreprenørar prøvde å koma forbi vogntoget med strøbilar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Full stopp: Trafikken austover vart stoppa i Høydalsmo fordi eit vogntog sperra E134 ved Kvålsgrend. Foto: VTB-tipsar.
Glatt på Grønlihei: Også trafikken vestover vart stoppa i Høydalsmo grunna særs glatt veg over Grønlihei. Foto: VTB-tipsar.

Det er meldt om generelt glatte vegar tysdag ettermiddag på E134 i Høydalsmo, Morgedal, Kviteseid og Seljord.

– Køyr forsiktig og tilpass farten, er oppmodinga frå Vegtrafikksentralen.