E134 er open att etter dødsulykka

Vegtrafikksentralen melde klokka 1.53 i natt att vegen forbi ulykkesstaden i Seljord var open att.

Ulykka skjedde like før klokka 21 måndag kveld. Ein person omkom etter å ha køyrd i ein fjellvegg ved Lønnestad i Seljord. E134 var stengt i fleire timar.

Klokka 1.17 opna eitt felt og klokka 1.53 i natt var vegen heilt open att, melde Vegtrafikksentralen.

Les også
Éin person stadfesta omkome etter ulykke på E134 ved Lønnestad