Elgoksen blei avliva etter ettersøk

Natt til onsdag blei ein elg påkøyrd i Brunkeberg.

Påkøyrsla skjedde ved Vigdesjå. Elgoksen for til skogs, men vart avliva etter nokre timars ettersøk på føremiddagen, melder Audun Aasmundtveit i Kviteseid kommune.

Bilen fekk store materielle skadar, men føraren kom fysisk uskadd frå hendinga.