Bil i fjellvegg på E134

Politiet melder på Twitter at naudetatane rykkjer ut til melding om ei bilulukke på E134 i Brunkeberg, der ein bil skal ha køyrd inn i ein fjellvegg. Det var føraren sjølv som meldte frå om ulukka til politiet.

I ei seinare oppdatering skriv politiet at det var to personar i bilen, som begge vart sjekka ut av helsepersonell. Det er ikkje mistanke om rus hjå førar, og Politiet meiner det framstår som om bilen har treft ein stein i vegbanen like før ulukka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet meldte klokka 02.37 at bilen var berga.