Imponerte: Tuva Smalås Bergheim klinka til med fire fulle hus i Kvalfoss-sprinten. Det var ho nesten åleine om å klare i nasjonalanlegget.

Tuva (11) fekk ned alle blinkane i Holmenkollen

Både laurdag og sundag sikra Tuva Smalås Bergheim seg medlemskap i den eksklusive nullerklubben. 11-åringen frå Dalen skaut nemleg fullt hus på laurdagens sprint og sundagens normalprogram i Kvalfoss-sprinten.

Det var elleveåringen som konkurrerer i 12-årsklassen nesten åleine om blant dei nesten 600 deltakarane. Tuva hadde derfor god grunn til å vere fornøgd då ho forlét Kollen og sette kursen tilbake til Vest-Telemark. Det blei tredje og fjerdeplass på Smalås Bergheim i hennar to første startar i Holmenkollen. Det er prestasjonar som gir inspirasjon til å satse vidare på skiskyting.

– Eg er veldig fornøgd med helgas innsats. Eg hadde ikkje forventa at eg skulle skyte fullt hus, sa Tuva som fekk to diplomar av Eirik Kvalfoss – vossingen som er ein av dei største i norsk skiskyting. Kvalfoss som blei både verdas og olympisk meister, har fått et eige arrangement kalla opp etter seg. Legenda var i Kollen og skrev ut diplom til alle som skaut fullt hus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Få treffer på alle skota

I skiskyttarsporten er det noko som heiter nullerklubben. Alle som prikkar inn alle skota i nasjonale renn får medlemskap der. Det er ikkje mange på Tuvas alder som er kapabel til å skyte fullt hus. I kvart fall ikkje i to dagar på rad. Det at ho på sundagens sprint følgde opp med to nye feilfrie seriar, beviser at det ikkje var tilfeldig at alle ti skota sat der de skulle på sprinten.

– Det bruker som regel å komme ein bom eller to i dei fleste skiskyttarrenna. Denne gangen gjorde det ikkje det, sa Tuva som koste seg saman med fire andre frå Fyresdal skiskyttarlag, og utøvarar frå andre klubber i Oslo- Fyresdal-troppen budde på Holmenkollen-hotellet rett ved skistadion.

Dei hadde gangavstand til det meste. Jentene og gutane fekk både køyrt T-bane og gjort seg kjent i storbyen, sjølv om hovudfokuset var å konkurrere.