Torgeir Lid Byggland er tilbake på konkurransearenaen att. No håpar han å vere kvitt skade- og sjukdomsproblema han sleit med sist sommar og haust.
Torgeir Lid Byggland er tilbake på konkurransearenaen att. No håpar han å vere kvitt skade- og sjukdomsproblema han sleit med sist sommar og haust.

Torgeir på veg tilbake

Torgeir Lid Byggland frå Høydalsmo stiller til start på Åsen i Akershus i dag. Det er junioranes VM-mønstringsrenn der heile helga. Byggland går sprinten i dag.

– Det blir moro å prøve seg att, seier sisteårsjunioren til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor var han Noregs beste juniorsprintar, men sommaren og hausten blei ikkje slik han hadde håpa.

– Sjukdom og skadar har gjort at grunnlaget ikkje er heilt på topp, men eg er optimist og skal gjere så godt eg kan i dag. I utgangspunktet er eg nokså lett-trent, fortel han.

Til NM

Og neste veke er planen å setje seg på flyet til Tromsø og senior-NM del 1.

– Då blir det nye eventyr. Planen er å gå sprinten fredag og stafetten sundag, seier Byggland.

Båe sprintkonkurransane går i friteknikk. Stafetten består av ein klassisk etappe og to skøyteetappar.