Deltok på NM: Øvst frå venstre Ane Torjussen Nagel og Sandra Elise Brenden frå Lågen Livredning og Svømmeklubb, Kjetil Snarteland, Gisle Snarteland og Mohamed AhmadFramme frå venstre Anne Marie Shia Gjersund, Natalie Indine Hansen, Annika Louise Hendriks Flatin og Hannah Sophie Hendriks Flatin. Alle i blå t-skjorte konkurrerer for Grenland Livredning og Svømmeklubb avdeling Seljord.

Symjarane frå Kviteseid og Seljord tevla i NM

Symjarane frå Vest-Telemark tok turen til Blystadlia for å delta på NM i livredning denne helga.

Grenland Livredning og Svømmeklubb avdeling Seljord tevla i helga på noregsmeisterskapen i livredning.

Trenar Hanna Merete Karlsson fortel at Mohamed Ahmad debuterte i klassa for yngre junior med øvingane 50 meter «carry» og 50 meter «carry with fins» og dessutan dei tre lagøvingane medleystafett, linethrow og nordisk stafett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ahmad deltok også i to lagøvingar som nipper då han framleis er i skiftet 13 år. Han fekk også med seg ein lagkonkurranse med seniorane frå Lågen der dei tevla med dukke stafett/manikin relay, seier Karlsson.

Ho fortel vidare at Natalie Indine Hansen debuterte på ei lagøving med yngre junior, og stilte som nipper på alle øvingar.

– Me hadde også med oss 5 «nippers» på alle øvingane. Dette var Gisle Snarteland, Hanna Sophie Hendriks Flatin, Anne Marie Shia Gjersund, Annika Louise Hendriks Flatin og Kjetil Snarteland. Alle fekk nye og betre tider. Øvingane for nippers var 50 hinder, 50 meter redning av ring i tillegg til dei to lagøvingane 50 meter bøyestafett og linethrow, fortel trenaren.

Det var Noregs livredningsselskap Romerike som inviterte til noregsmeisterskapen i livredning inne i basseng for deltakarar i klassene yngre junior (født 2007-2009), junior (født 2004-2006) og nippers (barn født i eller før 2009, men som meistrar øvingane).