Best i klassa: Svein Olav Vaa vann klassa si under Kongsberg Grand National på Heistadmoen fredag, og køyrde seg samstundes inn på pallen i samandraget.

Svein Olav (18) vann uthaldsprøva i militærleiren

Svein OIav Vaa (18) frå Rauland tok ein fyrsteplass i Kongsberg Grand National i helga. Det heldt til ein 3. plass samanlagt i klasse 14 til 29 år i Norsk Enduro Super Serie (NESS).

I løpa er det om å gjere og fullføre så mange rundar i ei terrengløype ein kan, innanfor ei tidsramme på to og ein halv time. Det gjekk føre seg i Heistadmoen militærleir, og 12 vesttelar stilte til start. I breiddeklassa for dei mellom 14 og 29, var det altså ingen som kunne hamle opp med raulendingen Svein Olav Vaa, som med det kunne innkassere 100 nye poeng i samanlagttevlinga, nett som han gjorde i 107-årsløpet på Aurskog-Høland i september.

– Eg synest løpet var bra, det var ei fin løype og veret var godt, oppsummerer Vaa til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to sigrane gav Vaa ein 3.-plass i samandraget, med 289 poeng samla frå dei fire NESS-løpa i sesongen. Vaa, som køyrer for Froland, var til slutt 11 poeng bak vinnaren, Orvar Veen frå Dalane, og berre tre poeng bak Dennis Dahl frå Borg som tok 2.-plassen.

– Det har vore ein veldig god sesong. Mykje køyring og mange kjekke folk å køyre ilag med, seier Vaa.

Han har ikkje rukke å setje seg noko mål for neste års sesong endå, men fortel han håpar den blir like bra som årets har vore.

Fremst: 18-åringen frå Rauland (fremst) fekk 100 poeng både på Heistadmoen i helga og i 107-årsløpet på Aurskog-Høland 23. september.