Fotballglede: Wilmer Rensel Fagerhøi (6) og Mats Erik Olsen brukar pausen til å trene saman.

Stadig nye oppdagar fotballskulen. – Dette blir nok ein årleg aktivitet for oss

Blant dei 290 ungane på Fotballskulen i Vrådal finn ein deltakarar frå heile Noreg. Andres Jovsset Hætta Breidalen (9) frå Kautokeino og Wilmer Rensel Fagerhøi (6) frå Mjøndalen er begge deltakarar for fyrste gong.

For mange vesttelar er fotballskulen ein fast del av sommarferien. Likevel er det ein god gjeng som kjem langvegsfrå.

– Det er moro å sjå at stadig nye oppdagar fotballskulen, seier arrangør Solveig Nekstad Grave.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir nok ein årleg aktivitet

Wilmer Rensel Fagerhøi (6) er blant dei yngste på fotballskulen og trenar i gruppa for dei mellom 6 til 9 år – kjent som «røyskattane». Når det blir ropt ut til pause vil han heller spele meir saman med føresett Mats Erik Olsen.

– Me har hytte her i Vrådal og oppdaga eigentleg fotballskulen litt tilfeldig via Facebook. Eg synest det er eit utruleg bra opplegg, så dette blir nok ein årleg aktivitet for oss. Wilmer har to yngre sysken som sikkert også vil bli med når den tid kjem, seier Olsen.

Familien kjem frå Mjøndalen, og Wilmer har den brune drakta på. Likevel ynskjer han å presisere at han ikkje nødvendigvis heiar på heimklubben.

– Eg hadde berre på meg drakta i dag, seier han og trekker på skuldrene.

– Det var då rart, kven heiar du på då? spør Olsen.

– Eg heiar på «Man U»!

Blant deltakarane blir det fleire og fleire med hytte i Vrådal.

– Det er gledeleg når hyttefolket brukar lokale tilbod og blir kjent med oss, seier Solveig Nekstad Grave.

Artikkelen held fram under annonsen.

Små og store: Ungane i alderen 6 til 9 år trenar saman i gruppa dei kallar «røyskattane».
Tidleg krøkjast: Wilmer Rensel Fagerhøi (6) frå Mjøndalen er blant dei yngste deltakarane på Fotballskulen i Vrådal.

Lang reiseveg

Den med lengst veg heim frå fotballskulen er likevel Andres Jovsset Hætta Breidalen (9) som til dagleg bur i Kautokeino. Han starta på fotball i fjor og likar best posisjonen forsvar.

– Det er fyrste gongen eg er på fotballskulen, men eg har vore på turnering ein gong, seier Andres.

Storebror Markus som også er deltakar måtte vere heime denne dagen på grunn av dårleg form.

– Eg er eigentleg også litt sjuk, men eg skulle prøve og sjå fyrst, seier Andres.

Reist langt: Andres Jovsset Hætta Breidalen (9) har reist heilt frå Kautokeino til Kviteseid denne sommaren.
Styrkar forsvaret i nord: Andres (9) frå Kautokeino har spelt fotball i eitt år, og likar best posisjonen forsvar.