Brakdebut: Sondre Golid konkurransedebuterte med NM-sylv i klasse menn U18 under noregsmeisterskapen i Sandnes i september.

Sondre var med i sin aller fyrste konkurranse – reiste heim med NM-sylv

Raulendingen Sondre Golid (18) tok andreplass i U18-klassa under noregsmeisterskapen i functional fitness i Sandnes i midten september.

Golid fekk til saman 380 poeng i dei seks deløvingane, og tok med det 2.-plassen i si klasse, 40 poeng bak Daniel Werner Nilsson, som tok gullet. Golid hadde tilsvarande forsprang ned til Philip Westman på 3.-plass.

– Det var min aller fyrste konkurranse, og det gav veldig meirsmak, seier Golid til VTB etter brakdebuten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Raulendingen var best av alle i blandingstevlinga og krafttevlinga, og nest best i teknisk ferdigheit og kroppsvekt. Undervegs i tevlingane hadde han meir enn berre øvingane å tenkje på.

– Eg har diabetes type 1, så eg jobbar hardt for å halde blodsukkeret stabilt, fortel han.

Functional fitness-NM

Utøvarane konkurrerer i disiplinen medley, som består av seks ulike deltevlingar, kvar med mål om å teste spesifikke aspekt av utøvaranes fitness.

1. Uthald (endurance)

2. Styrke (strength)

3. Kroppsvekt (body weight)

4. Teknisk ferdigheit (skill)

5. Blanding (mixed)

6. Kraft (power)

Utøvarane får poeng etter rangering i dei ulike deløvingane, der den samla poengsummen gjev grunnlaget for den endelege plasseringa.

Kjelde: Noregs Functional Fitnessforbund (NOR3F)

Blei lei styrkeløft

Golid fortel at han, som så mange andre, byrja idrettskarrieren med fotballsko på føtene, men at han gav seg då han var 15 og heller byrja å lyfte vekter.

– Frå eg var 15 til 17 trena eg mykje med vekter, med kroppsbyggingsfokus, men eg gjekk litt lei.

Sterk: Golid dreiv aktivt med vektløfting i eit par år før han byrja med idretten han no har NM-sylv i.

For eitt år sidan bytta han til crossfit – ein nær slektning av functional fitness – og no er han altså NM-sylvvinnar.

– Det er mykje meir variert, og veldig morosamt. Det krev meir enn berre styrke, ein har uthald, fleksibilitet, fart og gymnastikk, fortel Golid.

Golid går siste året på idrettslina i Bø, med crossfit som toppidrett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skulen har eigentleg ikkje nokon crossfit-program, så eg har eit spesielt tilpassa opplegg, forklarar han.

Han skulen i framtida vil tilby fordjuping i idretten, som er i stor vekst både i Noreg og internasjonalt.

Variasjon: 18-åringen fortel han likar variasjonen i functional fitness – ein idrett han byrja med for eitt år sidan.

Nye tevlingar ventar

Med NM-sylv kvalifiserte Golid seg eigentleg også for ungdoms-OL, som gjekk føre seg i Canada i månadsskiftet september/oktober, to veker etter at han konkurransedebuterte.

– Det blei litt i dyraste laget, fortel 18-åringen.

Han og familien måtte kosta heile turen sjølv om han skulle delta.

– Eg har ingen sponsorar i dag, så det er ledig om nokon ynskjer å sponse, humrar han.

Men fleire tevlingar blir det for Golid, den neste er Oslo Throwdown i slutten av oktober.

– Dit kjem det mange gode frå inn- og utland, så det blir spanande å måle seg der, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er vel og merke ingen aldersbestemte klasser her, så raulendingen er budd på tøff konkurranse.

– Eg har tenkt litt på målsetjing, men det er så vanskeleg å seie ettersom det er heilt ope kven som kan vera med, fortel Golid.