Debutant: Anne Trahaug frå Flatdal debuterte laurdag som maratonløpar, då ho deltok i Birken. Det er ein opplading for ei endå hardare styrkeprøve seinare i år – triatlonen Ironman i Lofoten.

I helga debuterte Anne (34) som maratonløpar. No er ho klar for sitt livs største utfordring

Anne Trahaug frå Flatdal debuterte i helga som maratonløpar. 34-åringen var skamlaust sprek etter 42,2 kilometers springing i terrenget under Birken, men er førebudd på at ho må i kjellaren når ho skal delta i sin første Ironman-konkurranse i triatlon i august.

Den energiske Flatdal-dama har nemleg meldt seg på og fått plass i den spektakulære triatlon-konkurransen i Lofoten. Det inneber at det kan bli utfordrande ver- og vindtilhøve i triatlon-debuten. Det er ikkje alltid at det er sol og varme på dei kantar i august, sjølv om kalenderen og årstida skulle tilseie noko anna. Det fekk dei som løp godt og vel 100 miles, som tilsvarar litt over 160 kilometer, førre helg erfare. Då både regna det og blåste friskt.

– Eg er budd på at det kan bli nokre vêrmessige utfordringar. Men det er ikkje noko eg brukar energi på. Det får bli som det blir. Eg er vand med barskt vêr sidan eg har budd i Tromsø dei siste åra. Det gjer at eg har opplevd litt av kvart på vêrfronten. Forhåpentlegvis så blir min første Ironman-konkurranse ei fin oppleving, seier Anne som har 3 800 meter symjing, 180 kilometers springing og 42,2 kilometers springing framfor seg når ho går i vatnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange timar i symjehallen

Det inneber at Anne i Lofoten både skal symje og sykle langt, i tillegg til å springe ein distanse som tilsvarar eit heilmaratonløp. Det er vanskeleg å førebu seg godt nok til ein slik kraftprøve. Men Trahaug har i lang tid hatt konkurransen i august i tankane.

Det har blitt mange timar i symjehallen, på langrenn og randoneeski, springing og sykkelsetet. Størst utfordring blir kanskje det mentale, sidan det er smertefullt å halde det gåande så lenge som ho må når tre så heftige disiplinar ventar. Det lokale innslaget er førebudd på at det kjem til å bli både opp- og nedturar når startskotet går i den spektakulære naturen.

Mest spent på symjinga

Den kjem nok ikkje Anne Trahaug til å nyte denne gongen. Ho er ærleg på at det er symjinga som er det største spenningsmomentet, så lenge det skal symjast i havet. Det er einstydande med at det kan bli bølgjer. Trahaug har lege på 10 til 15 vekentlege treningstimar i det siste. Desse treningsmengdene vil bli auka framover sjølv om ho er i full jobb, og restitusjonsbiten er viktig. Ho er førebudd på at konkurransetida kan bli lang. Det viktigaste blir å fullføre.

Laurdag sprang den spreke flatdølen sitt fyrste maraton, som ein del av førebuingane til triatlonen, då ho deltok i Birken-løpet.

– Korleis vil du oppsummere ditt aller første heilmaratonløp, Anne?

– Eg er godt nøgd. Både fordi eg hadde ein fin oppleving og eg nådde målsetjinga. Det var å kome under fire timar. Med tanke på at eg kom inn på 3 timar og 58 minutt i det som var ein ganske kupert løype i terrenget, så føler eg at eg må seie meg nøgd. Særleg så lenge det var så varmt som det var. Eg er ikkje akkurat bortskjemt med slike temperaturar i nord, seier førstegongsdeltakaren.

Det var eit aldri så lite sjokk for henne å kome frå plussgrader i nord, til ein aldri så liten heitebølgje i Mjøs-traktene. Det aller viktigaste var å få ein god gjennomkøyring til triatlon-konkurransen, og det fekk ho. Løpet gav meirsmak, og det er ikkje usannsynleg at ho er å finne på startstreken igjen i neste års Birken heilmaraton.