På kjøkenet: Hans Utistog med kjøkenmannskapet Anita Aasen (t.v.) og Sigrid Vinjerui. – Me har nytt kjøken i år og rakk difor ikkje å lage den etterspurde suppa vår. Men det går bra med pølse i brød også, sa Utistog før svoltne ungar kom inn.

Mange tok turen til Byrte på skirenn. – Det einaste minuset i dag var at me ikkje hadde noko kjøtsuppe å servere

Førti deltakarar stilte til start i sundagens renn ved Byrte grendehus.

– Eg hugsar ikkje heilt, men dette rennet byrja på fyrste halvdel av 1970-talet meiner eg. På velmaktsdagane var det eit offisielt krinsrenn med opp mot 120 deltakarar, seier John Utigard, som jobbar som friviljug i Byrterennet.

Aldersklassene i årets renn, som var ein del av Vest-Telemark skikarusell, var frå 6 år og til og med seniorklasse.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Supperennet»

Ingrid Bjønnes (38), var ein av dei langvegsfarande til rennet. Ho kom frå Hovden og deltakinga var mest på impuls. Mannen hennar Svein Olav Utistog er trenar for rekruttlandslaget og han var invitert til heimbygda for å kaste litt glans over premieutdelinga.

– Det var veldig artig å gå dette rennet. Løypa var morosam og variert å gå. Eg er ivrig på langrenn. Dette ser eg på som ei god opplading til Hovden Tour som eg skal vera med på, seier Bjønnes med glimt i augo.

Einaste i klassa: Ingrid Bjønnes (38) frå Hovden tok vegen til Byrte. – Eg tok rennet som ein fin tur og koste meg i løypa når eg gjekk som einaste deltakar i seniorklassa for damer, sa Bjønnes etter rennet.

Byrte IL stilte sterkt i rennet dei arrangerte med heile elleve deltakarar. Innsatsen i løypa var god og bestemødrer og foreldre kosa seg med pølse og brød og premieutdeling til alle deltakarane i grendehuset etter eit godt arrangert renn.

– Det einaste minuset i dag var at me ikkje hadde noko kjøtsuppe å servere i dag. Den er viden kjent og nokre kjem berre for den. Somme har kalla oss berre «Supperennet» på grunn av den gode suppa vår, seier Hans Utistog, leiar i Byrte IL.

– Det var berre to i seniorklassa for menn i år, eg er ein av dei. Eg synest eg må stille opp på eige renn, la han til.

Klassisk stil

Byrterennet er einaste rennet i år i skikarusellen i klassisk teknikk, det er noko dei vil halde på.

14-åringen Kjetil Tveito Skjævesland frå Høydalsmo IL måtte ha hjelp til smøringa frå Byrterennets smøreteam som stilte sin kunnskap til disposisjon for alle deltakarane.

– Eg har vore med på nokre renn i år, men er ikkje så veldig ambisiøs. Målet er å kome til mål og eg likar absolutt skøyting best, men klassisk går det også, sa Tveito Skjævesland før start.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den yngste deltakaren av gutane var seks år gamle Olav Lagergren Utistog.

– Eg er fornøgd og det gjekk bra, sa han etter målgang.

Yngst: Olav Lagergren Utistog var den yngste deltakaren. Han bruka litt i overkant av 7 minutt på ein kilometer og var den einaste i klassa si. -Det gjekk bra og eg er fornøgd, sa han etter målgang medan han vart løna med ein kopp varm solbærtoddy.
I same klasse: Ingebjørg Kili og Kristine Reinsviki, både 15 år, frå IL Rein. – Me går mykje langrenn og gjekk Hovudlandsrennet i år, sa Reinsviki til VTB før start.
Byrterennet: N/A