Magnus vil kjempe om pallplassar att

Akkurat då Magnus Krog (33) endeleg var tilbake i verdstoppen i vinter gjekk det gale. No er han restituert frå brotet i handleddet og motivert for endå ein sesong på kombinertlandslaget.

Ny sesong: Magnus Krog har bestemt seg for å ta ein ny sesong på kombinertlandslaget.

33-åringen frå Høydalsmo er veteranen på det norske kombinertlandslaget. Han har byrja å tenke på livet etter karrieren, men vil enno ikkje leggje skia på hylla.

Kombinertlandslaget 2020/2021

Jørgen Graabak, Byåsen IL

Jarl Magnus Riiber, IL Heming

Espen Bjørnstad, Byåsen SK

Einar Lurås Oftebro, IL Jardar

Jens Lurås Oftebro, IL Jardar

Espen Andersen, Lommedalens IL

Magnus Krog, Høydalsmo IL

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ei tid i tenkeboksen før fjorårssesongen valte Krog å ta eitt år til. Men sesongen blei prega av skadar. Han mista starten etter eit fall i Falun i sesongens fyrste konkurranse. Nakkeskaden gjorde at han ikkje konkurrerte før i januar. Sakte, men sikkert tok han steg tilbake i verdstoppen, og i slutten av februar blei han nummer fire i verdscuprennet på heimebane i Trondheim. Dagen etter skulle han fylgje opp, men då gjekk det gale.

Krog fullførte til 14.-plass med brot i handleddet – og sesongen var over, litt før koronaviruset stoppa sesongen også for resten av kombinertutøvarane.

– Eg er ikkje overraska over at eg lukkast i Trondheim. Eg kjente i konkurransane i både Val di Fiemme og Oberstdorf at hoppforma var god og at eg framleis kan prestere i bakken. Det gjorde meg sikker på å prestere i Granåsen, seier Krog til VTB, og legg til at han veit at han går fort på langrennsski når grunnlaget er på plass.

Det har tatt litt lenger tid å lege handleddsbrotet enn fyrst tenkt. No føler han seg bra. Og han har, saman med sambuar Anne, bruka skadeperioden på å tenke på framtida.

Prestasjonane før skaden var viktig i avgjerda om å ta endå eitt år som kombinertløpar. Og landslagsplass var ein føresetnad for vidare satsing. Den var eit faktum sist veke.

Færre samlingar

Med sambuar og to barn heime i Trondheim har kvardagen endra seg mykje for 33-åringen.

– Eg er ikkje like gira på å ut og reise som eg var då eg var 19, seier han.

Kombinertlandslagets satsing blir påverka av koronakrisa. Den økonomiske kvardagen er vanskeleg. Sponsorkontraktane sit lenger inne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me merkar det like mykje som bedriftene, seier Krog.

Resultatet er færre samlingar. Den fyrste fellessamlinga blir ikkje før i august.

– Det stiller krav til opplegget i Oslo, Lillehammer og her i Trondheim. Me er ein fin treningsgjeng. Eg trenar med Jørgen Graabak og Espen Bjørnstad i det daglege. Dessutan har me fått to trenarar tilbake i 30-prosentstilling. Det er heilt avgjerande når me skal byrje å hoppe att i juni, seier Krog.

– Men det blir eit sparsam opplegg i haust med få turar, legg han til, og ser det positive med at han får meir tid med familien.

Ventar med å tenke på OL

VM i Oberstdorf, med både hoppbakke og langrennsløyper som passar han, er sesongens mål. Men han innser at det kan bli eit litt spesielt meisterskap.

– Det blir nok ikkje fulle tribunar på grunn av koronaviruset, trur han.

Han er klar på at han vil tilbake i verdstoppen og kjempe om plass på pallen.

– Om eg hadde vore i toppslag i løypa sist vinter hadde eg vore på «skothald», veit han.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2021/2022 er det OL i Beijing i Kina. Krog blir motivert av å tenke på eit nytt spektakulært OL, men vil ikkje tenke meir enn ein sesong av gongen.

Les også
Olympisk medalje etter fantomlangrenn

Det er lenge til 2022. Fyrst skal han kome seg tilbake i toppen. Og som vanleg legg han i sommar litt av oppkøyringa heime i Høydalsmo. Sjølv om han no er den einaste aktive utøvaren frå Høydalsmo IL, er han ikkje uroa for treningskvardagen.

– Det er framleis utruleg mange spreke i Høydalsmo som blir med på treningar, seier han med eit smil.