Medaljedryss: Vesttelane som trenar saman i Seljord, men konkurrerer for Grenland symje- og redningsklubb hadde det moro på symjestemne i Son.

Livreddarane tevla i Son

Dei unge symjeutøvarane som trenar saman i Seljord deltok denne helga på Vestbystemnet i Grevlingen symjehall i Son.

Symjetrenar Hanna Merete Karlsson fortel at ho hadde med seg ni deltakarar i klassa nippars, som er utøvarar mellom 9 og 13 år som er nybegynnarar/litt øvd, på alle øvingar under helgas stemne.

Dei som deltok var Natalie Indine Hansen, Annika Louise Hendriks Flatin, Eivind Hovden, Maksymilian Maksymiak som vore med tidlegare og rekruttane Celine Shaker, Nasim Ahmaydan, Narjes Alhmaydan, Zoey Hagen og minstemann Neo Hagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Øvingane for nippars var 50 bøye, 50 meter redning av ring eller dukke i tillegg til 2 lagøvingar som var sett saman av 50 meter bøyestafett og Vestbystafetten der alle deltakarane utfører redningssamarbeid. Deltakarane samarbeida godt og heia kvarandre fram, rosar symjetrenaren.