Karrierens andre triumf for flatdalshesten Maiko May

Måndag kveld kom endeleg årets første siger for Øvre Telemark tråvlag. Det sørga Asbjørn og Eldbjørg Lognviks 4-årshoppe Maiko May for.

Vann: Maiko May gjekk til topps på Jarlsberg. Her frå Bjerke i august 2023 med eigarane Eldbjørg og Asbjørn Lognvik.

Flatdalshesten gjorde sin tredje start for året og gjorde samtidig ein av sine beste innsatsar. Frå eit godt startspor på Jarlsberg og med offensive Tom Erik Solberg som sjåfør, stakk Maiko May rett til tet og blei der til mål var passert. V65-spelarane var ikkje heilt førebudde på dette då hoppa kun var eit femteval.

Hesten til far og dotter Lognvik fekk dermed besøke vinnarsirkelen for andre gong i karrieren. Fyrste gong var i august i fjor på Bjerke tråvbane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinnartida over 2100 meter vart 1.16.8, den tredje beste tida hesten har gjort på sine totalt 11 startar. Sigerssjekken var på 18 000 kroner.

Også Anne Christensen og Olav Donstads kaldblodshest Donstad Castor hadde tatt turen til Tønsberg måndag. Morgedalhesten så farleg ut då han sette fart mot siste sving, men dessverre kom galoppen og dermed var løpet spolert med tanke på premie.