Ingrid sprang i meir enn eitt døgn i Mont Blanc. – Ernæringa mi fraus til isklumpar då det var som kaldast

Ingrid Lid har flytta til Bergen, og satsar vidare som ultraløpar.

Årets store mål var TDS — les Traces du Duc de Savoie — eit løp i Ultra trail de Mont Blanc-serien i slutten av august. Løpet var 145 km og 9100 høgdemeter i fjella frå Courmayeur i Italia til Chamonix i Frankrike.

— Det var kaldare enn det plagar å vere der, og det blei sendt ut varsel frå arrangør om at vi måtte ha med utstyr eigna for kaldare vêr og også snø på dei høgste områda på over 2000 moh. På grunn av dårleg vêr måtte dei også legge om ruta litt slik at løpet blei litt lengre. Vi starta på natta, kl. 24 og sprang gjennom heile natta, heile dagen, og inn i neste natt. Det var ganske tøft og eg hadde litt forskjellige utfordringar undervegs, blant anna at ernæringa mi fraus til isklumpar då det var som kaldast. Elles mykje knall og fall i teknisk terreng, oppsummerer Lid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho var veldig glad då ho kom i mål etter 26 t og 22 min, og fekk vete at ho var nummer sju blant damene. Det var over 1600 som starta og ca. 600 som måtte bryte.

— Det er mykje læring i å springe internasjonale løp og få testa seg i større felt med løparar som er høgare ranka enn meg sjølv. Eg veit ikkje heilt kva som blir neste nå, men eg har i alle fall planar om å forsøke meg på Bislett 24-timars igjen i november, seier Lid.

Tidlegare i sesongen

I april sprang ho Centurion track 100 — eit 100-miles løp på ein 400-metersbane i Bedford i England. Altså 161 km rundt og rundt.

— Eg hadde mål om å ta den norske rekorden som var på 14 t 25 min. Undervegs tok eg rekorden på 50-miles (81 km) med tida 6 t 22 min, og rekorden på 12-timars med 138,6 km. Eg kom i mål på 14 t 13 min og 15 sekund som var ny norsk rekord på 100-miles, seier Lid som også klarte VM-kravet på 100 km som var 8 timar.

Lid hadde den norske rekorden fram til slutten av august. Då overtok Line Caliskaner denne.

— Planen er å sjå om eg kan klare å ta den tilbake i neste forsøk, seier Lid.

I Italia blei det dramatisk då ho stilte til start i Lavaredo ultra trail 120km i Cortina d’Ampezzo i Italia. For å unngå ein samanstøyt måtte ho hoppe utfor ein skrent. Det gav eit djupt kutt som måtte bli sauma — og Lid fekk ikkje halde fram.

I løpet av sesongen har Kviteseid-jenta flytta til Bergen for å starte i ny jobb og for å vera nærare klubben ho har kontrakt med (BFG Bergen løpeklubb). Ho har Jan Fjærestad som trenar. Han var ein av dei beste på langdistanse på 70-talet, og trenar også fleire av dei beste løparane på 24-timars, ultratrail og motbakkeløp.

Artikkelen held fram under annonsen.