Virtuelt løp: Ingrid Lid sprang åtte mil heime i Kviteseid då ho deltok i Centurion One Community i helga.

Ingrid hadde drikkestasjon i hagen og familien som heiagjeng då ho sprang åtte mil i Kviteseid

På grunn av smittevernsrestriksjonar må ultraløparane springe på heimebane når dei skal konkurrere.

Ingrid Lid frå Kviteseid har dei to siste helgene deltatt i to virtuelle ultraløp. Førre helg var ho med i Aravaipa Insomniac Adrenaline viretuel, eit løp på over 50 kilometer. Her blei ho nummer fem, og var nest beste kvinne.

– Eg sprang i Grenland på asfalt utan support, og fekk i meg ein liter vatn og to brødskiver, seier Ingrid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho bruka 4 timar og 44 minuttar på konkurransen. Devon Yanko frå USA var best med tida 4.06.

Sist helg var ho heime i Kviteseid då Centurion One Community 50 miles blei arrangert. Her blei ho nummer ti av dei totalt 74 deltakarane som var med i løpet av dei 24 timane det var mogleg å delta. Ho var igjen nest beste kvinne (av 19).

– Eg sprang den same runden 12 gonger og hadde drikkestasjon i hagen der mamma stod og blanda sportsdrikke og resten av familien heia, seier ultraløparen som blei klokka i mål på 7 timar og 39 minuttar i det 80 kilometer lange løpet.

Samantha Amend frå England var best i kvinneklassa med tida 6.47.

Les også:

Eit halvt år etter at ho brekte lårbeinet på skogstur, spring Ingrid Lid no 100 kilometer i veka.

Les også
– Grensene sit i hovudet
Same runden: Ingrid Lid sprang den same runden 12 gonger.
Ultraløpar: Ingrid Lid frå Kviteseid.
I Grenland: – På asfalt uten support med 1 liter vatn og 2 brødskiver, oppsummerer Lid løpet i Grenland.