Vanlegvis spring Ingrid om lag 100 kilometer i veka. Ho spring mykje på asfalt, men likar også å springe ute i naturen heime i Kviteseid.
Vanlegvis spring Ingrid om lag 100 kilometer i veka. Ho spring mykje på asfalt, men likar også å springe ute i naturen heime i Kviteseid.

– Grensene sit i hovudet

Då Ingrid Lid (27) frå Kviteseid kom i mål etter sitt fyrste maraton kjente ho seg ikkje så veldig sliten, og kunne tenke seg å springe lenger. Ho bestemte seg for å prøve ultraløp, og ganske fort vart ho bitt av basillen.

Helg

Eit maratonløp er 42 195 meter langt, og løpa som er lengre enn dette blir kalla ultraløp. Det kan vere på asfalt eller terreng, eller det kan vere 24 timar der ein spring så mange rundar ein maktar inne på Bislett stadion.

Ingrid Lid brukte eit døgn i november på å springe 209,1 kilometer på Bislett, ein distanse som gav ho klassesiger. Nå har ho meldt seg på til løp til hausten. Det er faktisk rift om plassane, og sidan det berre er 160 løparar som får plass må ein vere tidleg ute.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein må legge opp ein strategi for å halde ut alle timane. Mamma er crewet mitt, og til store løp som dette får eg litt rettleiing, tips og råd frå Eirik Nossum som er trenar for landslaget. Eg blei veldig trøytt på natta, men det var ein veldig morosam speaker, høg musikk og god stemning hos tilskodarane. Det var veldig moro.

Då dei 24 timane hadde gått måtte løparane sette seg ned på ein stol slik at dommarane kunne måle kor langt dei hadde kome. Den siste halvtimen hadde Ingrid spurta. Ho blei sitjande på stolen til ho kjente det naturleg å legge seg ned på golvet for å kvile seg. Ho fekk blodtrykksfall og var dehydrert. Å drive med ultraløp er ikkje heilt utan risiko og sporten blir rekna som ein ekstremsport. Då kan det vere ein fordel av utøvaren om nokre veker er ferdig utdanna sjukepleiar, og ofte har med seg mamma, som også er sjukepleiar, på løp.

Eg er skikkeleg bitt av basillen, og vil berre springe, springe, springe ...

100 kilometer i veka

Så blid og sprek kan ein sjå ut etter å ha sprunge 100 kilo- meter på 8.55. Med den tida kapra Ingrid sølv i NM.
Så blid og sprek kan ein sjå ut etter å ha sprunge 100 kilo- meter på 8.55. Med den tida kapra Ingrid sølv i NM.
Her er Ingrid i Dolomittane i Italia. Der kan ein ikkje vere utan å springe i fjellet, meiner kviteseidjenta. Til som- maren skal ho tilbake.
Her er Ingrid i Dolomittane i Italia. Der kan ein ikkje vere utan å springe i fjellet, meiner kviteseidjenta. Til som- maren skal ho tilbake.

Ingrid fortel at ho hadde ein aktiv barndom og meiner mykje av grunnlaget ligg der. Sjølv om foreldra ikkje dreiv med idrett på profesjonelt nivå, var dei begge fysisk aktive, mora med handball og faren med løp, og broren har også NM-medalje i sin idrett, styrkeløft. Ingrid hadde hest då ho var mindre, og har alltid sprunge mykje. Når det er sommar og tørt likar ho å springe i terrenget, men beina hennar tåler også godt asfalt. Det kan godt hende du har møtt henne springande i allslags vêr langs E134. Ein treningstur går gjerne tur-retur Kviteseid-Seljord, tur-retur Kviteseid-Høydalsmo eller opp kleivane til Vrådal og litt lenger også, før ho vender heim att. Då ho budde i Porsgrunn og skulle heim sprang ho til Bø der ho blei henta. I løpet av ei veke spring ho om lag 100 kilometer, då er langøkta på 40–60 kiloden viktigaste økta.

Det er berre litt over eitt år sidan ho sprang sitt fyrste maraton. Då kom ho inn til tida 3 timar og 25 minuttar, men kjente seg ikkje veldig sliten og kunne gjerne sprunge lenger. Ingrid meldte seg på eit 50 kilometersløp som ho brukte 3.53 på å fullføre, det var noregsrekord i hennar klasse.

– Eg er skikkeleg bitt av basillen, og vil berre springe, springe, springe. Det er mange ting som kan skje undervegs. Då eg sprang «Telemarks tøffaste» (eit ultraløp i terreng på 81 kilometer) fekk eg frykteleg vondt i kneet etter 50 kilometer. Eg byrja å grine og fekk andenød, men eg skreik og banna til meg sjølv og tenkte; det er berre å bite tennene saman. Den siste biten spurta eg og kjente ingenting til at eg hadde vondt i kneet lenger.

– Og dagen etter?

– Då var eg heilt øydelagt. Det tok ein månad før eg kunne springe att etter det løpet. Eg var skada og måtte gå til fysioterapi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingrid fortel at ho generelt er ganske sliten dagen etter eit løp. Ho er dehydrert, har lyst på salt, vatn og farris, men likevel er dag nummer to etter eit løp verst. Då gjer det vondt i heile kroppen. Det er ikkje heilt uvanleg å få blodtrykksfall etter eit løp også, særleg om ein stansar brått slik ho gjorde på Bislett. Å kaste opp både etterpå og undervegs er heller ikkje uvanleg. Det kan verke vanskeleg å sjå kva som er motivasjonen og gleda med å drive med denne ekstreme sporten.

– Det er ein ganske rar hobby, men om eg spring i naturen får eg energi av terrenget og å kome opp på fjelltoppar. Eg får også mykje energi av publikum som heiar. Eg er eit konkurransemenneske og konkurrerer fyrst og fremst mot meg sjølv, men også mot andre. Eg synest det er veldig fascinerande å pushe grenser. Det finst ingen grenser, dei sit berre i hovudet.

Landslaget

Ingrid har eit mål om å kome på landslaget. I fjor var ho irriterande nær. Ho sprang 209,1 kilometer i løpet av 24 timar, medan kravet for å kvalifisere seg til EM var 210 kilometer. Under NM i 100 kilometer var kravet 8.45, Ingrid sprang inn til sølv og tida 8.55.

– Eg var veldig nær i fjor, og må berre jobbe vidare for å nå målet. Dei som er på landslaget er i førtiåra, så eg er enno ung, seier 27-åringen.

Ho fortel at dei fleste som driv med ultraløp er menn mellom 30 og 50 år, derfor blir ho venner med folk ho neppe hadde møtt om ho ikkje dreiv med dette.

– Min beste venn er ein britisk mann på 47 år, fortel ho og ler.

– Det blir veldig mykje aleinetid når ein trenar, derfor er stemninga nærast euforisk når det er løp. Alle er så glade for å møte andre. Det er eit veldig godt miljø, og ikkje så konkurranseprega. Me oppmuntrar kvarandre under løpet.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Ultramamma»

Å springe blir ein avhengigheit og om ho blir skada og ikkje kan springe på ei stund får ho abstinensar.

– Då blir eg skikkeleg sur og lei meg, ja, smådeppa.

I fjor vår budde ho nokre månadar i Italia medan ho hadde praksis på eit sjukehus. Planen var å springe maraton, noko som ikkje var heilt enkelt. Det var nemleg mykje papirarbeid og søknadar som måtte til for å få løyve.

– Det var i mai, 30 gradar, og eg skulle vere sjølvforsynt under løpet. Den fyrste delen av løpet gjekk oppover og eg fekk magetrøbbel, deretter skada eg meg i ankelen og den hovna opp. Resten av løpet gjekk nedover og det var ganske vondt å springe med den hovne ankelen, men det hadde vore så mykje arbeid for å få lov til å delta at eg i alle fall skulle fullføre og kom til slutt i mål på 3.33.

Det høyrer med til historia at det tok fire veker før ankelen var god att. Sjukepleiarstudenten halta på den vonde foten og var fortvila over at ho var i Italia og ikkje kunne springe i dei fine fjella. Ho gjekk mykje og til slutt kunne ho springe att, og den siste månaden fekk ho mange etterlengta treningsturar.

Dei fleste treningsturane blir aleine, men mamma Grethe er ein viktig støttespelar, og stiller opp på mange av løpa der dottera deltek.

– Ho pushar meg og er veldig støttande, masserer, blandar drikke og hjelper meg å skifte sko under løpa. Ho synest det er moro, og me kallar ho «ultramamma».

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingrid ler litt, og fortel at i juni reiser dei saman til Dolomittane i Italia. Ingrid skal springe og mamma skal gå turar i fjellet.