Lovande trio: Johannes Lønnestad Flaaten (i midten) og Ingerid Vadder vann begge sine klasser. Brynjar Heggelund Grave blei nummer to.

Ingerid var raskast av alle

Sjølv om ho er fyrsteårsjunior var Ingerid Vadder frå Ordal raskare enn både juniorlandslagsløpar Marianne Bergane og Kristine Stavås Skistad frå rekruttlandslaget i det siste rennet før nyttår.

Vadder, som representerer Morgedal IL, vann 17-årsklassa i Svarstadrennet måndag. Med tida 13.50 var ho ni sekund raskare enn Maren Halle Haugen (IL Runar) som blei nummer to.

Om ein ser prestasjonen i ljos av dei andre jenteklassene blir den endå meir imponerande. Margrethe Bergane som er ein del av juniorlandslaget går i K19/20. Ho blei klokka i mål på 14.02. I seniorklassa hadde både Vilde Flatland og Kristine Stavås Skistad dårlegare tider enn den talentfulle løparen frå Ordal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire på pallen

Og det var fleire vesttelar som gjorde det solid i fjorårets siste renn. Johannes Lønnestad Flaaten frå Seljord og Morgedal IL vann 18-årsklassa. Han var nesten eit halvt minutt raskare enn Marius Rønningen Skaug frå Svarstad som blei nummer to. I den same klassa gjekk Erik Brostigen Ringhus, IL Rein, inn til 9.-plass.

Les også
Johannes skal gå for Morgedal IL
Les også
Avslutta sesongen på heimebane

Seljordingen Brynjar Heggelund Grave blei nummer to i M19/20. Han var 36 sekund bak Johannes Hammelow Fridlund frå Larvik. Andreplass blei det også på Torjus Tveiten Golid frå Nordbygdi i Seljord. Han var berre to sekund bak vinnaren, Arnt Fjelldal frå Svarstad.

Romjolsrenn

Også sundag var det renn i Vestfold. Ingerid Vadder var også då best i romjolsrennet. Ho vann framfor Nora Sofie Doksrød frå IL Runar. Klubbevenninne og nabo i Ordal, Gunnhild Kvålseth blei nummer tre blant 18-åringane.

Les også
Nå skal barndomsvenninnene Ingerid (16) og Gunhild (17) bu og trene saman

Torjus Tveiten Golid blei nummer tre i klassa si.