Solid løp: Ingerid Vadder blei nummer to i fredagens noregscupløp i Holmenkollen. Foto: Svein Halvor Moe

Ingerid på andreplass i noregscupen

Ingerid Vadder frå Ordal gjekk inn til andreplass i noregscuprennet i Holmenkollen fredag.

Vadder som representerer Morgedal IL var 7,5 sekundar bak Tuva Anine Brusveen-Jensen som vann 5 kilometer klassisk i 17-årsklassa i Oslo.

Johannes Lønnestad Flaaten frå Seljord blei nummer 8 i 18-årsklassa. Også Flaaten representerer Morgedal IL. Erik Brostigen Ringhus, IL Rein, kom på 29. plass i den same klassa.

Gunhild Kvålseth frå Ordal, og Morgedal IL, blei nummer 52 blant dei 18 år gamle jentene, medan Gunnar Sørkås, også han frå Morgedal IL, blei nummer 208 i M19/20.

Les også
– Det største eg har prestert så langt
Les også
Ingerid og Johannes skal representere Noreg