Ultraløp 2020: Smittevernsreglane skal greit gjennomførast i Skuggenatten, men eit par steder kan det bli noko kø.

I år vert det ultraløp i Nissedal igjen

Ikkje sidan 2017 har det vore arrangert ultraløp i Nissedal, men 6. juni skal Treungen IL med Helge Reinholt i spissen arrangere ultraløp igjen. Det viste seg at det er mange som er svoltne på tevlingar, då dei 50 plassane som var sett av til løpet raskt blei fylt opp.

Tidlegare har Treungen IL arrangert både «Telemark Tøffaste» og «Skuggenatten 12-timars», men dei siste to åra har det ikkje vore ultraløp i Nissedal. I 2020 vart motbakkeløpet «Skuggenatten Opp» avlyst på grunn av korona-restriksjonar. I staden blir det arrangert eit ultraløp i traséen med maks 50 deltakarar.

«Skuggenatten Ultra 2020» er eit lågterskel ultraløp der ein spring Skuggenatten opp og ned 5 gonger, til saman 43 kilometer. Det heile vert arrangert frå klubbhuset til Treungen IL på Treungen stadion.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utfordrande løype: Løypa er på totalt 43 kilometer med Galdhøpiggen-stigning på 2 469 høgdemeter.

— Treungen IL respekterer smittervernsreglane. Minimum to meters avstand og liknande i samsvar med NFIF sine oppdaterte reglar for mosjonsløp. Garderobane er stengd, men toaletta skal me prøve å få løyve og system på, seier Helge Reinholt til Kondis.

Løpet er eit NFIF-godkjend ultraløp for maks 50 deltakarar, og fullført løp tel med til Kondis-utmerkinga «Ultraløpsfatet».

Flott utsikt og god merking: Løypa byr på flott utsikt, om ein tek seg tid til å vende blikket litt opp frå stien.