Historiske jenter
I haust er det truleg fyrste gongen i historia at eit aldersbestemt lag i Treungen har spela i 1. divisjon/pokalserien.
Treungen har i år hatt med to lag i serien for jenter 15 år, og nesten 30 spelarar har vore med. Før haustens kampar for fyrstelaget, kom det invitasjon om å spele i toppdivisjonen i dobbel serie saman med dei fire beste jentelaga på den alderen i Telemark.
På heimebane laurdag 4. november var Treungen nær ved å få sitt fyrste haustpoeng, men tapte 2-1 mot Langesund/Stathelle 1.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tysdag 7. november var årets siste seriekamp, og det borte mot Drangedal/Kragerø. Resultatet blei 1-1 for laget, som har med spelarar også frå andre stader i kommunen enn Treungen.
– 1-1 mot Drangedal er ei stor bragd. Me leia heilt til det var fem minutt igjen av kampen. Tidleg i haust tapa me 3-7 mot laget – uavgjort i dag viser stor framgang på jentene våre, uttaler Lena Holskar Sanden etter kampen. Ho har trena laget saman med ektemannen Rune Sanden.