Tok sølv: Herman Hogstad Sveinsson fekk gratulasjonar av pappa Bent etter kjempeløpet i UM fredag. Foto: Privat

Herman tok sølv i UM

Herman Hogstad Sveinsson (16) frå Seljord sprang inn til sølvmedalje i ungdomsmeisterskapen fredag.

Seljordingen blei klokka i mål på den sterke tida 11.16 på 100 meter, og var berre slått av Oliver Tollefsen frå Moss (11.04).

Det er ny personleg rekord for 16-åringen frå Seljord som før helgas konkurranse hadde den beste tida i klassa si i landet (11.24 frå Groruddalslekene sist helg). No er Tollefsen si tid den beste i år.

Osazee Parkson frå Gausdal blei nummer tre i finalen i 16-årsklassa.

UM blir arrangert på Jessheim friidrettsstadion.