På femteplass: Herman Hogstad Sveinsson.

Herman blei nummer fem i junior-NM: – Dette var inspirerande og motiverande

I eit knallsterkt felt sprang Herman Hogstad Sveinsson frå Seljord inn til femteplass i finalen på 200 meter under U20-NM i Bærum sundag.

Sveinsson er svært fornøgd med å kvalifisere seg til finalen som ein av dei åtte beste i landet på distansen i U20-NM.

– Ei æra å få opplevde dette, seier Sveinsson, som legg til at dette er med på å inspirere og motivere til vidare satsing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han kom i mål på tida 22.50. Ugunstig vind (minus 0,3) gjorde sitt til at det ikkje blei dei raskaste tidene i finalen. Andreas Grimerud frå Moelven vann finalen med tida 21.85.

Ein lang sesong er no over. Det har blitt personlege rekordar både på 100 og 200 meter. Konkurransen har hardna til i overgangen til juniornivå. Sveinsson møter nå stort sett berre løparar frå dei store klubbane, men han held framleis godt fylgje.

På landsstastisikken for 2022-sesongen har Sveinsson den sjuande beste tida på 200 meter i landet. Det er frå då han sprang på 22.33 tidlegare i august. Kenny Emi Tijani-Ajayi frå Tjalve, som er eitt år eldre enn Sveinsson, har årets beste tid i 18/19-årsklassa med 21.16. Fem av dei seks raskaste på årsstatistikken er fødde i 2003. Sveinsson er fødd i 2004.