Lang fartstid: Halvor Loftsgarden nærmar seg 40 landsskyttarstemne. Han synest framleis det er moro å delta i landets største skyttarstemne.

Halvor nærmar seg 40 landsskyttarstemne

Halvor Loftsgarden er ein av dei lokale skyttarane med lengst fartstid. Den 70 år gamle raulendingen nærmar seg 40 landsskyttarstemne, og har like stor glede av skyttarsporten som han alltid har hatt.

– Eg har kome litt ut av teljinga, men det begynner å bli nokon LS-arrangement på meg nå. Eg var ikkje i Alta i 1976, og eg har på langt nær vore med på alle i Målselv og Bodø etter at eg fatta interesse for skyttarsporten. Eg har også stått over Oppdal og Førde ein gong. Elles trur eg at eg har fått med meg dei fleste, seier Loftsgarden til VTB.

Halvor, som skyt i V55-klassa, seier det er sjeldan så god deltaking frå regionen som i år. Det kan tyde på at skyttarsporten er i ferd med å få eit oppsving etter koronaen, som var svært negativ for mange skyttarlag. Loftsgarden kan opplyse at det ikkje er like stor interesse for skyttarsporten i Rauland, som det ein gong var.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stordomstid på 1990-talet

– På slutten av 1980- og deler av 90-talet, var me gjerne 15 stykk frå bygda og det lokale skyttarlaget på Landsskyttarstemnet. Dei siste åra har me sjeldan vore meir enn fem-seks stykk. Det er ikkje like enkelt å få med dei yngste, og i alle fall ikkje få dei til å halde fram over tid. Det blir ikkje enklare av at me ikkje har eigen bane heller, seier Loftsgarden.

Han fortel at Rauland-skyttarane må ut av bygda når dei skal trene. Dei køyrer vanlegvis til Øyfjell. Halvor er klar på at dei treng eit treningsanlegg i nærleiken for å sikre skyttarinteressa. Han er difor glad for at det ser ut som dei kan få etablert eit treningsanlegg i eit nedlagt steinbrot.

– Det er heller ikkje eit pluss at me manglar ein skikkeleg innandørsbane. Dei fleste skyttarlaga har det. Dei opplever også at det er lettare å få med dei yngste innandørs, seier den spreke veteranen etter at baneskytinga er unnagjort.

Starta tidleg med skyting

Loftsgarden fekk anvist 242 poeng på baneskytinga, men skulle veldig gjerne hatt eit par poeng til for å vere heilt fornøgd.

– Eg voks opp med jakt og gevær. Det har vore ein viktig del av livet mitt, og det var skyttarinteressa som fekk meg til å bli ein del av det lokale skyttarlaget. Det fine med sporten er at det er plass for alle, seier Halvor som ser fram til nokon fine dagar på Voss. Det er som han seier noko eige med LS-atmosfæren.