Treng fleire ski: Ole Vidar Moen er avtroppande formann i gubbelaget, og var den eldste hopparen i årets renn. Nå håper han å få tak i fleire treski til unge hopparar.

Etterlysning frå Gubbelaget: – Me manglar treski til ungdommen

Gubbelaget i Vest-Telemark ser ei aukande interesse for å hoppe på treski, særleg blant dei unge. Nå etterlyser dei fleire ski.

– Me manglar treski til ungdommen, seier Ole Vidar Moen som er avtroppande formann i gubbelaget.

Han trur ein del har gamle treski liggande og meiner det hadde vore bra om dei blei tatt i bruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er trist om ski berre blir liggande når det er unge som har lyst til å bruke dei, seier hopparen.

Nå oppmodar han folk som har gamle ski om å ta kontakt med Gubbelaget.

– Dei kan ringe meg, seier Moen.

Lokale ski: Treski frå Bjaaland blir bruka kvart år på hopprennet.

Tidlegare var det fleire lokale skifabrikkar i Vest-Telemark, og ski frå desse fabrikkane blei bruka av fleire på gubberennet i helga. Rennet blei arrangert i Morgedal. Og i år var det ny deltakarrekord med 57 deltakarar. Flest er det i klassa 20–29 år.

Det er 96 år sidan det fyrste gubberennet blei arrangert i Vest-Telemark. Planlegginga av neste renn er alt i gang. Det blir i Åmdals verk i 2024. Då er det Åmdal IL som er arrangør.