På heimelaga treski: Skimakarforeininga inviterte til treskisamling i Morgedal.

Dei vil at fleire skal få oppleve gleda av å gå på treski, og helst lage dei sjølv

Gjengen som er samla til skihelg i Morgedal har laga skia sine sjølv. Og dei meiner at det å gå på heimelaga treski er ei heilt spesiell oppleving.

– Det er enkelt å lage ski, seier Thomas Aslaksby.

Han meiner treskia han lagar sjølv fungerer betre enn dei han får kjøpt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei har godt feste når han skal oppover. Og god gli når han skal ned. Aller best fungerer dei når det er laussnø.

– Også er det mykje lettare å få smørjing til å sitte på treski, seier skimakaren frå Valdres.

På Øverbø: Tarjei Gjelstad (f.v.), Thomas Aslaksby, Terje Nilsen Haugen, Tore Halseth, Eldar Eide, Gry Offernes og Knut Erling Moksnes.

Gamal oppskrift

Det er lange tradisjonar for å lage ski i Noreg. Tarjei Gjelstad, som bur i Morgedal, var bekymra for at dette handverket var i ferd med å døy ut. I 2018 var han derfor med på å etablere ski- og skimakarforeininga.

– Me har to mål, seier Gjelstad.

– Me vil at folk skal få oppleve gleda av å gå på treski, og helst lage dei sjølv.

Telemarksski: Det er lange tradisjonar for å lage ski i Telemark.

Og dei hevdar at det å lage sine eigne ski ikkje er så komplisert som ein kanskje kunne tru. Framgangsmåten dei brukar har dei lært av Aasmund Kleiv frå Morgedal. Han laga ski, slik dei har gjort heilt tilbake til Sondre Norheim si tid. Og verktøya dei brukar er enkle.

– Det er øks, høvel og kniv, seier Aslaksby.

Han starta med å lage treski på 90-talet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Treski: Dette er ski for dei som vil gå utanfor preparerte løyper.

Dei som skal lage sine eigne ski må aller fyrst finne eit godt emne, og ein kan bruke ulike treslag. Furu er det treslaget som har blitt mest bruka til ski i Vest-Telemark.

– Det blir ei lett ski, som er særleg god på kaldt føre, forklarer Gjelstad.

Harde treslag som ask, alm og bjørk får ei glattare overflate.

– Det er godt på våtare føre. Og dei er meir slitesterke, seier skimakaren.

Personlege ski: Her er ingen ski heilt like.

Emnet bør vere rett, og helst ikkje ha kvist. Og så er det berre å bestemme seg for kva for ski ein vil ha. Vil ein ha ski som flyt godt og som er fine å bruke i skogen, er det ein fordel om dei er breie og ikkje så lange. Skal ein på lengre turar på fjell, kan ein ha lengre og smalare ski.

Telemarksving: Tore Hallseth renn ned bakkane frå Øverbø.

Video: Gry Offernes.

Blir moderne ski

Treet må kløyvast og tørkast, og skimakarane brukar øks for å grovhogge. På midten, der bindinga skal på, bør skia vere litt tjukkare. Og så er det viktig med innsving. Det gjer at skia er enklare å svinge med. Dei skal vere litt smalare på midten og litt breiare framme og bak. Så må skia høvlast. Nokon ynskjer å gjere litt ekstra ut av tuppen på skia. Då er det kniv som er rette verktøyet.

Husmannsplassen Øverbø: Her budde Sondre Norheim dei fyrste åra.

Tuppen på skia, eller havet som det heiter i Vest-Telemark, må vere bøygd. For å få til det kokar dei ein stor kjele med vatn og legg skia over dampen, gjerne med eit handkle over. Då blir tuppen på skia våt og varm.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og det som er vått og varmt kan me bøye, forklarer Gjelstad.

Etter ein god time i damp blir skia lagt i ein mal, der den må ligge eit døgn.

Då skal den ha fått den forma ein ynskjer, aller helst med ein lang og slak bøyg, for å få god flyt på snøen. Det er fleire måtar å etterbehandle ski på. Skimakarane i Morgedal brukar tjøre, linolje og terpentin. Til slutt monterer dei på binding. Tidlegare brukte dei vidjebindingar på skia i Morgedal. Nå brukar skimakarane ei solid fjellskibinding.

– Då har du ei moderne ski, seier Gjelstad.

Øverbø: Gry Offernes og Knut Erling Moksnes i stova der Sondre Norheim er født.

Arrangerer treskidagar og kurs

I fjor fekk ski- og skimakarforeininga støtte frå Sparebankstiftinga DNB til å arrangerer treskidagar for elevar på barneskulen. I vinter skal dei til tjue skular, ni av dei i Vest-Telemark. Ski og skimakarforeininga lagar ski til samlingane, og har til nå laga heile 200 par.

Foreininga arrangerer også kurs på høgskular og universitet. Der får studentane lage sine eigne ski. Dei har hatt kurs i Rauland, Bø, Volda og Sogndal, og i fjor var 85 personar med på kurs for å lage sine eigne ski. På sikt håpar dei at skulane tek skimaking inn i sitt faste opplegg.

Bratte bakkar: Terje Nilsen Haugen har seg ei lita pause på Øverbø.

Prøvde skia i Morgedal

Det er skimakarforeininga som har invitert inn til treskisamling i Morgedal. Denne helga skal dei ikkje lage ski, men bruke dei. Det er planlagt to dagar med topptur på treski, og også skileik på Øverbø, husmannsplassen der Sondre Norheim blei født.

Telemarksving: Knut Erling Moksnes renn ned frå husmannsplassen Øverbø.

Ei av dei som er med på skihelga er Gry Offernes. Ho har runne ein del på randoneeski, men meiner slike ski ikkje er så eigna i kupert terreng, som det er mykje av i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her fungerer treskia betre, seier ho. Lêrstøvlane er lettare, og skia flyt godt på snøen.

Topptur: Dei meiner treskia har godt feste og at smørjing sit betre på skia.

Ho står på Øverbø og ser nedover dei bratte bakkane.

– Eg skjønner at dei som voks opp her blei gode på ski, seier ho – før ho set utfor bakkane.

Klare for nedfarten: Det er fine jorde å renne på i Morgedal.