I toppen: Eivind Gaastjønn frå Dalen leverte to solide noregscuprenn i Fossum i helga. Det lovar godt for fortsetjinga.

Eivind kjempa om to noregscupsigrar i helga

Eivind Gaastjønn frå Dalen har hatt fleire store augeblikk som skiskyttar. To av dei største hadde han i helga.

Både laurdag og sundag var det lite som mangla på at han klatra til topps på sigerspallen under Asko-cup på Fossum. Det vart femte og sjetteplass.

Nærast var utøvaren frå Dalen som konkurrerer for Fyresdal skiskyttarlag på laurdag. Då var det berre millimeter som skilte han og vinnaren og dei to andre som kom på sigerspallen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eivind hadde to hårfine bom. Dersom eitt av dei skota hadde gått på innsida av blinken hadde det blitt gull. For det var berre 24 sekund som skilde Eivind på femteplass og vinnaren. 4,6 sekund var det opp til pallen.

– Eg står her med litt blanda kjensler. Eg kan for så vidt ikkje vere misfornøgd med femteplass. Særleg når tidsdifferansen ikkje er større opp til teten enn den er. Men for å vere ærleg er eg ikkje superfornøgd, fortel Gaastjønn.

– Det er litt kjedeleg å tenke på at eg med éin bom mindre mest truleg hadde vunne. Eller at eg med fire — fem sekund større fart i sporet hadde kapra min fyrste pallplassering i noregscupsamanheng, legg han til.

Les også
Anne (15) frå Fyresdal fekk høg puls i OL-løypene

Det beste han har gjort

Gaastjønn skøyta inn til ein fjerdeplass i junior-NM i Folldal då han konkurrerte i 18-årsklassa for fire år sidan. Med tanke på at tre årsklasser nå har blitt til ein, er det ein større prestasjon å bli nummer fem i 20/22-årsklassa. I alle fall så lenge han nesten kopierer den prestasjonen dagen etter.

På sundagens sprint prikka Gaastjønn inn ni av ti skot og var godt og vel halvminuttet bak vinnaren. Det gjekk som vanleg fort i sporet.

– Eg er godt fornøgd med at eg går meg fem plassar opp frå siste skyting og inn til mål på normalen. Eg vart sekundert i forhold til pallen. Men eg var dessverre nokre få sekund ute til å klare det, fortel Gaastjønn.

– På «kortnormalen» hadde eg tru på at eg skulle vere høgare opp på resultatlista etter fjerde og siste skyting, då eg skaut 17 treff. Men i dag var det mange som skaut fort, seier han.

Les også
Markus (15) har bestemt seg. Fylgjer i systera sine skispor

Ingen julestjerne

Skiskyttaren har hatt ein positiv formkurve etter nyttår. Juleferien heime på Dalen gjorde underverk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har aldri vore nokon julestjerne. Eg har alltid gjort mine beste løp mot slutten av sesongen. Det er ein trend som ser ut til halde fram. Junior-NM vart spolert på grunn av sjukdom. Eg vart sjuk rett etter at eg kom til Oppdal. Det var kjedeleg då eg i år har mitt siste år som junior, fortel Gaastjønn.

– Heldigvis er det NM-distanse i samband med noregscuphelga i Tromsø. Der er det normalprogram, og der har eg lyst til å gjere det bra, avsluttar Gaastjønn som håpar på ytterlegare formstigning inn mot dei to siste viktige rennhelgene.