Ivrig: Anne Teksle er ein av fleire ivrige skiskyttarrekruttar i Fyresdal. Ho ser fram til å ta steget opp i juniorklassa.

Anne (15) frå Fyresdal fekk høg puls i OL-løypene

Anne Teksle fekk erfare at det ikkje er lett å skyte med høg puls då ho debuterte i Hovedlandsrennet. Den unge fyresdølen fekk kjenne på kroppen at det er ein hard inngang til skiskyttarstadion på Lillehammer.

– Det var fine løyper. Det einaste eg har å sette fingeren på, var at det var ein så hard inngang til standplassen på Birkebeineren langrenn- og skiskyttararena. Det var litt uvant, seier Anne etter at ho hadde gått sine fyrste renn i det uoffisielle noregsmeisterskapen for 15- og 16-åringar.

Anne som fyller 16 år i april, kunne også deltatt der i fjor. Ho blei nummer 39 på normaldistansen laurdag og 42 i skiskyttarcross fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me syntest det var litt for langt å reise til Mo i Rana, som var vertskap for fjorårets arrangement. Dermed blei me heime då. I år var det aldri nokon tvil om at me skulle delta. Reiseavstanden til Lillehammer var overkommeleg, fortel Anne som var ein av to fyresdølar som var i aksjon i det flotte løypenettet som blei utvikla til OL i 1994.

Den andre var Kristian Broshaug Haakenstad. Han blei nummer 35 i G15-klassa på normaldistansen og 36 på skiskyttarcrossen.

I løypa: Kristian Broshaug Haakenstad deltok både på stafett og på normaldistansen på Lillehammer.

Fyresdal er alltid representert

Fyresdal skiskyttarlag er ein av dei største og mest veldrivne klubbane i Telemark og Vestfold skiskyttarkrins. Det er heller ikkje mange i Bygde-Noreg som har så mange utøvarar som fyresdølane. Klubben er som oftast representert både i Kvalfoss-sprinten, Hovedlandsrennet og ikkje minst Liatopp-sprinten – den populære sesongavslutninga i Ål som er verdas største skiskyttarrenn. Dit reiser det alltid ein bra tropp frå Fyresdal. Slik blir det nok også i år. Rennet er i utgangspunktet reservert juniorar, sjølv om dei to yngste juniorklassene har fått moglegheita til å vere med dei to siste åra. Arrangementet i april kan bli Annes siste moglegheit til å delta der.

Vurderer både Bø og Sirdal

Anne Teksle fortel til Vest-Telemark blad at det er ingen andre jenter på hennar alder i Fyresdal som driv med skiskyting. Ho kunne tenkt seg og trent med fleire jamgamle, og vil få moglegheita til det dersom ho til hausten byrjar på idrettslinja i Bø eller skigymnaset i Sirdal. Det er det som er mest aktuelt akkurat nå. Ho har gode venninner i miljøet.

– To av mine hardaste konkurrentar i Telemark, kjem frå Tinn og Bø. Dei er også gode venninner. I Hovedlandsrennet gjekk me stafett saman. Det var utruleg kjekt. Moro var det også at alle tre fekk det til på standplass, og me fekk et brukbart totalresultat, seier Anne etter at ho hadde gått krinsstafett for aller fyrste gong i massemønstringa.

Telemark og Vestfold blei nummer 12. Anne gjekk den fyrste etappen.

Likar spenninga

– Kva er så spennande med skiskyting ettersom du bruker så mykje tid på det?

– Det er uforutsigbarheita og spenninga. Det er mange som kan gjere det bra så lenge skytinga har så stor innverknad på totalresultatet. Eg synest også me har eit bra miljø. Både her lokalt og på krinsnivå, seier ho som også går noko langrenn – men det er mest for treningas skuld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skiskyttarinteressert har ho vore i mange år. Anne har også ei mor som har vore aktiv i det lokale skiskyttarlaget. Ho er flink til å følgje opp dottera, som ser fram til å ta steget opp i juniorklassen. Sjølv om det inneber at ho både må skyte ståande, gå med geværet på ryggen i renn, og det vil bli lengre distansar. Ho får også gå jakt- og fellesstartar neste sesong.