I rute: Eivind Gaastjønn føler han er godt i rute til det som er hans siste sesong på juniornivå. Guten frå Dalen har ambisjonar om å kjempe i toppen i år.

Eivind (21) siktar mot toppen i det som blir hans siste juniorsesong

Eivind Gaastjønn har betre testresultat enn nokon gong. Ein av dei mest spennande sisteårsjuniorane i Norge, er veldig spent på kva denne vinteren vil bringe på skiskyttarfronten.

– Eg har fått gjort ein god treningsjobb over tid, og har ambisjonar i det som blir min siste sesong på juniornivå. Det kan fort også bli min siste sesong som hardtsatsande skiskyttar, dersom eg ikkje får framgang og utvikling. Forhåpentlegvis så får eg det. Dersom eg skal bli med over i seniorklassen, så er eg nøydd til å ha eit langsiktig perspektiv. Det tar gjerne to-tre år før ein er god nok til å ta opp kampen med seniorane. Derfor er eg nøydd til å sette av nokon år – dersom eg satsar vidare, seier Eivind.

Dalen-guten som fylte 21 år i juli, fekk eit brutalt møte med den tøffe 20-22-årsklassen for to år sidan. Han sleit ein god del med sjukdom, og fekk ikkje gjort den treningsjobben som må ligge i botn for å hevde seg i dette selskapet. Det gjorde at han kom på etterskot i forhold til konkurrentane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tok igjen litt av det tapte

Eivind tok igjen litt av det tapte og hadde fleire gode opplevingar sist vinter. Blant anna då han skaut fullt hus i eit norgescuprenn på Stiklestad. Det var berre to av 2002-modellane som oppnådde betre tid i Nord-Trøndelag. Det trass i at Gaastjønn ikkje var fornøgd med det han presterte i sporet. Han følte det gjekk tungt, og det var lite som stemte akkurat den dagen. Sett i lys av det var det ekstra bra å prestere så bra som Fyresdal-skiskyttaren gjorde.

– Det er jo det som er så spennande med skiskytinga, at du må lykkast både på standplass og i sporet, for at det skal bli ei god plassering ut av det. Eg sleit ein del med ståandeskytinga sist vinter. Derfor var det utruleg moro at eg fekk ned alle ti blinkane på Stiklestad, sa Eivind som også sikra seg si første NM-medalje i sin sjette og nest siste sesong i juniorsamanheng. Friskusen var ein viktig bidragsytar til at Telemark og Vestfold vann miksstafetten i junior-NM.

Har trent meir og betre

– Kor sterk er du nå samanlikna med i fjor på same tidspunkt, Eivind?

– Det er vanskeleg å vite så lenge eg ikkje har konkurrert. Men eg har trent meir og betre, og har blitt eitt år eldre. Summen av det gjer at det skal vere mogleg å gå fortare enn eg har gjort. Eg forbetra meg med halvtanna minutt på eit fem kilometer langt testløp på beina nyleg. Forhåpentlegvis er det ein indikasjon på at eg har tatt steg det siste halvåret, seier den dedikerte skiskyttaren til VTB.

Han veit at det ikkje er nokon garanti for at det vil gå fort når sesongen startar. Men føresetnadene for å prestere har aldri vore betre. Det handlar som han seier om å få tatt ut potensialet på standplass. Stabilitet er også eit nøkkelord for pedagogikkstudenten som meiner det er fullt mogleg å kjempe om pallplasseringar dersom alt klaffar. Sjølv om nivået i norsk juniorskiskyting er veldig høgt, og han konkurrerer med mange som har junior-VM-ambisjonar.

Får bryne seg på Bø-brørne

Eivind Gaastjønn er ein av juniorane som har prestert så bra at han får delta i det internasjonale opningsrennet på Sjusjøen. Der vil stortalentet få dei første svara på korleis han ligg an. Sjølv om Eivind ikkje vil prøve å bygge opp nokon formtopp til det arrangementet. Renna i OL-byen er ikkje viktig for han. Det er først når det er junior-VM-uttakingsrenn på Dombås i desember, at det blir viktig å gå fort for Fyresdals beste skiskyttar for tida.