Sebastian Geissler (t.v.), Håvard Lio og Ole André Haukås spelar fast i Rauland bridgeklubb, og no er juniorane tekne ut til nordisk meisterskap og EM i bridge.
Sebastian Geissler (t.v.), Håvard Lio og Ole André Haukås spelar fast i Rauland bridgeklubb, og no er juniorane tekne ut til nordisk meisterskap og EM i bridge.

Bridgetalent til nordisk meisterskap

Sebastian Geissler og Ole André Haukås frå Rauland bridgeklubb skal til Danmark for å spela i den nordiske meisterskapen til helga.

Rauland bridgeklubb har halde på i snart 30 år, og kvar tysdag møtest medlemmene på Raulandshuset for å spela. Klubben er med på krinsmeisterskap, og noregsmeisterskap, men no har to av dei ferskaste bridgentusiastane blitt tekne ut til å representere landet i nordisk meisterskap i Vejen i Danmark i påskehelga.

– Dette har aldri skjedd før, og no forventar me seier, smiler leiar i Rauland bridgeklubb, Håvard Lio.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mellom 10 og 20 timar

Sebastian Geissler og Ole André Haukås blei plukka ut til ungdomslandslaget av Norsk Bridgeforbund. Noreg stiller lag i alle dei fire klassene, junior (U25), ungdom (U20), jenter (U25) og kids (U15).

Sebastian og Ole André stiller i U20 som lag på meisterskapen.

Sebastian starta med bridge for to år sidan, medan Ole André har spela i tre år. Og i tillegg til å spela på klubbkveldane, spelar dei også over internett.

– Eg trur eg spelar mellom 10 og 20 timar i veka. Det spørs kor mykje arbeid det er på skulen, smiler Sebastian, som er student i Trondheim.

Ikkje bare flaks

For uinnvigde kan bridge virke som eit komplisert kortspel, men etter nokre omgangar med kortspelet blir det lettare, fortel karane.

– Det er ganske frustrerande dei fyrste gongene, men etter rundt ti gonger så skjønnar ein det, seier Sebastian.

– Utfordringa er vel å skjønne samanhengen og meldingsforløpet, utfyller Håvard.

Begge ungdomane synest kortspel generelt er morosamt, men bridge er noko spesielt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje bare flaks, Ein må tenkje, og då blir det moro, er dei einige om.

Skal slå jentene

Bridgespelarane frå Vinje er spente på nivået på meisterskapen, og dei har ikkje så store forventingar om ein siger. Men eitt mål er klart.

– Målet er å slå det svenske jentelandslaget, ler dei.

For det laget kjenner dei frå før, og det er ikkje fritt for litt intern konkurranse.

Slit med rekruttering

Bridgeklubbane i Noreg slit med rekruttering, og sjølv om Rauland Bridgeklubb er den nest største i fylket med 46 medlemmer, er det ikkje lett å få inn nye spelarar.

Det ynskjer leiaren for bridgeklubben å gjera noko med, og no håpar han at sporten skal få ein oppsving.

– Bridge er eit spel for livet. Me har eit alderspenn frå 18 til 85 år hos medlemmene, Håvard Lio.

Geissler og Haukås er også tatt ut til sommarens Europameisterskap i bridge for ungdom i Tromsø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bridge



­– Kortspel for fire spelarar der to og to spelar som par. 


– Ein brukar ein vanleg kortstokk med 52 kort, og alle korta delast ut slik at kvar spelar har 13 kort kvar. 


– Spelet i si enklaste form liknar kortspela amerikaner og whist. 


– Spelet har to faser: Ein auksjon (meldedelen) og sjølve speledelen. Føremålet med auksjonen er å avgjere kven som skal spele kontrakten, kor mange stikk ein skal ta, og kva som skal vere trumf, eventuelt grand. 


– Når eit spel er ferdig blir det rekna ut ein score for spelet, basert på storleiken på kontrakten og om den blei vunne eller ikkje. Det er to hovudvariantar å spele bridge på, som gjev ulike poeng til para.