Skiskyting: Nummer åtte: Audun Lindskog skøyta inn til ein knallsterk åttandeplass i Kvalfoss-sprinten.

Audun (13) driv med tre idrettar. – Eg er nok mest ivrig på skiskyting

Audun Lindskog kombinerer langrenn, skiskyting og fotball. Denne helga prioriterte Haukeli-guten Kvalfoss-sprinten i skiskyting framfor krinsmeisterskapen i langrenn.

– Eg er nok mest ivrig på skiskyting, sa Audun som ikkje var helt tilfreds med det han presterte på laurdagens sprint i nasjonalanlegget. Då blei det for mange bom til at han var med i kampen om dei gjevaste plasseringane. Det var IL Dyre Vaa-utøvaren for eitt år sidan, då han kapra ein knallsterk tredjeplass. Sundag var det normalprogram i Oslo. Då gjekk det mykje betre for Audun.

Den mellomste av dei tre Lindskog-brørne fekk ned fleire blinkar på normalprogrammet, sjølv om det då var vanskelegare å sjå blinken enn det som var tilfelle på sprinten. Det var utfordrande på standplass med tåke og vind. Lindskog bomma to gonger på kvar av dei to skytingane, og blei til slutt nummer åtte – vel halvtanna minutt bak Linus Bekkelund frå Østre Toten som vann 13-årsklassa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reiser til Rauland på trening

Lindskog trenar mykje saman med eitt år eldre Simen Vassbotten Apeland, som konkurrerer i 14-årsklassen. Han kjem også frå Haukeli, og er ivrig på skiskyting. Ein gong i veka reiser de til Rauland for å delta på IL Dyre Vaa-treningane. Der er det skiskyttaranlegg, og det har dei siste årene vore bra aktivitet. Audun og Simen trenar også ein god del på eiga hand.

Det blir ein del klikktrening med geværet. Det må til for å oppretthalde treffprosenten i denne kombinasjonsidretten. Begge representerer idrettslaget IL Rein når dei konkurrerer i langrennssporet. Langrenn trenar dei fleire gonger i veka i ljosløypa. Dei aktive vekene inneheld også fotballtreningar i Vinje.

Har ikkje fritidsproblem

Fritidsproblem har altså ikkje gutane sjølv om det er langt til kommunesenteret. Det er Kvalfoss-sprinten og Liatopp-sprinten i april som er dei største arrangementa som Audun og Simen er med på i vinter. Begge er for unge til å delta i Hovudlandsrennet, som er reservert 15- og 16-åringane. Neste år kan Simen, som blei nummer 44 i sundagens renn, delta der, dersom han held fram med skiskyting