Saga er frå 1888, og det er seksti år sidan den sist var i bruk. Nå er den snart ferdig restaurert
Det er over seksti år sidan det siste vart saga på den vassdrivne sirkelsaga ved Bånfoss. Til våren er det håp om at ho sviv igjen.
Bånfoss er ein forholdsvis stor og steil foss i Dampedalsåna. Her vart det i 1888 bygd ei vassdriven sag på garden Døla.
– Dei fyrste sirkelsagene kom til Noreg på 1850-talet fortel Trond Arild Pedersen som er bygningsvernrådgjevar ved Vest-Telemark museum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han meiner dei som sette opp saga i Kyrkjebygda må ha vore tidleg ute.
– Dette var nok ei nymotens sag den gongen, seier han.
I dag er det få slike vassdrivne sirkelsager igjen. Pedersen synest derfor det er flott at saga har blitt restaurert og nå kan fungere som eit viktig kulturminne.
Vart mykje bruka
Torfinn Sanden, som nå bur på Døla, har i mange år tenkt på at han vil sette i stand den gamle saga, som bestefaren hans i si tid saga mykje på.
Av gamle skriv går det fram at det rundt hundreårsskiftet vart bygd mange uthus på gardane i området. Og at mykje av tømmeret til uthusa truleg er saga på Dølasaga.
«Reimsaga vart godt stelt og gjorde rask og fin saging», skriv Olav Ibrekk i historia om den gamle saga.
Bestefaren til Sanden, Jon Løvdal, kjøpte garden i 1915. Han var tømrar, og også den i bygda som produserte kister. Han saga det han trengde til eige bruk, og tok også på seg leigeskur.
I 1920 og 30-åra skal saga ha blitt mykje bruka. Det vart den også under krigen. Løvdal slutta etter kvart med leigesaging, men saga til eige bruk fram til 60-talet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hausten 1968 var det flaum i Nissedal. Fossen tok med seg vassrennene og det vart skade både på vasshjulet og saghuset. Etter storflaumen vart saga ståande, utan å bli sett i stand.
– Ein artig jobb
Sanden, som i mange år har hatt lyst til å sette saga i stand, søkte kulturminnefondet om tilskot. Og fekk det.
Det er tømrar Bjørn Dagfinn Tveit som har gjort mykje av arbeidet.
– Skulle ein redde saga måtte det gjerast nå. Det var i siste liten, seier han.
Sanden er glad for at han fekk Tveit til å gjere jobben.
– Han er ein dyktig handverkar som har sans for bygningsvern, seier han.
Det har vore litt av ein jobb å få saga i stand.
Pilarane av naturstein hadde flytta på seg under flaumen på 60-talet. Desse måtte dei både flytte på og justere i høgde, slik at saga skulle bli rett – og i vater.
Artikkelen held fram under annonsen.
I den berande strukturen har dei bytta ut rote tømmer med nye handtilpassa materialar. Dei har bruka det dei kunne av gamle materialar. Tømmeret til nye delar har Sanden hogge i eigen skog, og fått saga til på dei lokale sagene på Veum og på Fjone.
Sagkroppen og benken er reparert og retta opp. Nytt golv er lagt. Ny kledning, som er ei blanding av gamle og nye materialar, er på plass. Øydelagde mønepanner og bølgjeblekkplater er skifta ut, og øydelagde delar av reimhjulet innvendig er restaurert. Vasshjulet er reparert, og ny vassrenne er sett opp.
– Dette har vore ein veldig artig jobb, seier Tveit.
Det står igjen litt arbeid før saga kan brukast. Det håpar tømraren at dei får gjort til våren.
Viser gjerne bort saga
Sanden gler seg til å prøve saga, som han meiner bestefaren saga den siste stokken på i 1960.
Han er glad for at dei nå har redda dette gamle kulturminnet. Og meiner det er viktig å formidle korleis dei i gamle dagar nytta seg av naturressursar i området, med vasskraft og kortreist tømmer.
Sanden opplever stadig at folk stoppar for å sjå på saga, som står like ved Kyrkjebygdvegen. Det synest han er triveleg.
– Eg skal bidra med det eg har av kunnskap om skog og gamle sagbruk, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kulturminnefondet er også nøgde med resultatet. Dei er glade for at prosjektet har blitt gjennomført i samarbeid med lokale fagfolk, og at både bygningsvernrådgjevar og handverkar har vore tett involverte i prosessen.
– Me ser på prosjektet som eit godt døme på korrekt og ansvarleg restaurering av kulturminne, seier Simen Bjørgen som er direktør i kulturminnefondet.
Kulturminnefondet
Kulturminnefondet er ei støtteordning for private eigarar av ulike type kulturminner. Målet er å styrke arbeidet med å bevare eit mangfald av kulturminner, fordi dei meiner at det gjev eit grunnlag for framtidige opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping.
Fondet prøver å dekke heile landet og ha god variasjon i kva for prosjekter som får støtte.
Kulturminnefondet har gitt 200.000 til restaurering av Døla sag.
Nissedal kommune gav også nyleg 50.000 til bevaring av kulturminnet.