Ann Mari Jore: N/A

Sommargjesten: Ann Mari Jore (68)

Namn: Ann Mari Jore

Alder: 68

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjem frå: Sauland, men har budd på Rauland sidan 1986

Gjer: Nyleg pensjonert, men arbeida på Raulandsakademiet med ansvar for blant ana sommarkurs.

Kva er det beste sommarminnet ditt?

Når ein bur i ei fjellbygd som Rauland er det fint å koma ned til kysten om sommaren. Eg har mange fine minner derfrå med berre det å sitje og sjå utover livet og båttrafikken.

Kva er planane dine i sommar?

Eg gler meg til å reise ned att til familiehytta vår utanfor Farsund i august. Elles har eg open verkstad her på telemarkstunet der eg i sel og strikkar forskjellig maskinstrikk.

Kva er det beste ved sommaren i Vest-Telemark?

Det beste med sommar i Vest-Telemark er det klare og friske lufta. Eg har ikkje noko imot å sleppe den fuktige varmen. Ein

Artikkelen held fram under annonsen.

Og kva saknar du?

Det hadde jo vore litt tøft å kunne ha plommer og eple i hagen, men vil ikkje gå så langt som å sei at eg sakna noko.

Kva vesttele ville du helst ha sete fast i eit slusekammer med?

Det var eit veldig vanskeleg spørsmål. Det lettaste hadde nok vore mannen min Frode Nyvold eller dotter mi Sigrun.

Kva er det beste sommarmåltidet?

Eg set pris på ein frisk salat med kvitlauksbaguettar. Personleg er eg ikkje så interessert i matlaging så det er jammen fint å ha ein mann som tek seg av det.

Kva dialektord likar du best?

«Rø» er eit veldig fint dialektord. Eg nyttar det ikkje sjølv, men set alltid pris på det når eg høyrer det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har du ei skjult perle i Vest-Telemark?

Eg syntest jau Telemarkstunet er ei sommarperle i Vest-Telemark. Her er det alltid mykje aktivitet og liv.

Vatn eller fjell?

Fjellet, både vinter og sommar. Eg er glad i å gå tur, gjerne frå hytte til hytte.

Nokon du vil helse til?

Eg vil helse til alle dei som har vore på sommarkurs her på Raulandsakademiet ein gong i tida.