Legg til rette for fredagsklubb: Møyfrid Lunde, Knut Ove Lofstad og Dag Erik Asdahl er alle med å arrangere fredagsklubb på misjonshuset.

På fredagsklubben skal ungdom kunne kome utan at dei treng å prestere noko

Kyrkjer og religiøse foreiningar har fleire tilbod for ungdom i Vest-Telemark. I Kviteseid er det fredagsklubb på misjonshuset. I Treungen er det nattkafé på bedehuset og i Skafså har Gunstein Seltveit invitert til ungdomsklubb på grendehuset i 48 år.

Kviteseid og Nissedal er dei kommunane der flest ungdom har vore med på aktivitetar i regi av religiøse lag. I Kviteseid inviterer dei til taco på fredagskveldane, i Nissedal er det pizza på bedehuset på laurdag. Elles er mykje av programmet likt.

Ung i Vest-Telemark

Nasjonale tal viser at unge i dag sit meir heime og i mindre grad deltek i organiserte fritidsaktivitetar. VTB har undersøkt korleis stoda er i Vest-Telemark. Kva tilbod har dei unge her? Kva etterlyser ungdomane sjølve? Og kven er dei vaksne som stiller opp kveld etter kveld?

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredagsklubb på Misjonshuset

Annankvar fredag er det ungdomskveldar på Misjonshuset i Kviteseid. Dei kallar det fredagsklubben. Før var kveldane på Fredheim. Nå er dei flytta til misjonshuset.

– På fredagsklubben kan ungdomen kome utan at dei treng å prestere noko, seier Dag Erik Asdahl.

Han er ein av fleire frivillige som stiller opp for å gje ungdommen eit tilbod på fredagskveldane. Med seg på laget har dei også elevar frå Kvitsund. Dei fungerer som hjelpeleiarar.

– Det har me opplevd som veldig positivt, seier Asdahl.

Kvelden startar med ei roleg stund, der det er ord for kvelden, eller ein liten andakt. Så er det fredagstaco. Etterpå er det leikar, quiz eller konkurransar, med premie til dei som deltek. Det er flest elevar frå ungdomsskulen som kjem, men tilbodet er også ope for dei som går på vidaregåande skule.

– Dette er eit tverrkyrkjeleg samarbeid, der både Nor-misjonen, Kyrkja og Betel samarbeider, seier Dag Erik Asdahl.

Misjonshuset: Her møtast ungdommen til fredagsklubb annankvar fredag.

Nattkafé på bedehuset

I Nissedal inviterer soknerådet til nattkafé på bedehuset i Treungen ein laurdag i månaden.

– Dette er eit tilbod til ungdom som går på ungdomsskule og vidaregåande skule, seier Anita Haugstad Haugsjå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er leiar av soknerådet og har vore fast vert på nattkafeen dei siste åra.

Det er flest ungdomsskuleelevar som kjem. Oftast kjem det over tjue, men oppmøtet varierer frå 10 til 30 ungdommar.

– Me skulle gjerne sett at ungdom frå vidaregåande også kom innom når dei er heime, seier Haugsjå.

Når ungdomen kjem skal det lukte pizza på bedehuset. Og pizzaen den er alltid heimelaga. Etter maten er det kveldstankar. Og etter kveldstankane er det leikar og aktivitetar, av ulik slag. Dei har bordtennis, biljard og luftgeværskyting. Og dei spelar kort og har felles leikar.

– Me legg vekt på å vere mange vaksne, seier Haugsjå.

Ho meiner det er viktig for å kunne sjå alle dei unge som kjem.

Kviteseid på topp: I både 2018 og 2021 er Kviteseid kommunen der størst del av ungdommane deltek på aktivitetar i regi av ei religiøs foreining. Dei har likevel hatt ein reduksjon på desse tre åra, frå 44 % i 2018 til 33 % i 2021. Også i Vinje, Fyresdal og Nissedal går det nedover, medan Tokke og Seljord har hatt ei auke. Seljord er berre ein prosent frå å ha tatt att Kviteseid på dette feltet.

Ungdomsklubben 10-16

Gunstein Magne Seltveit er kanskje den med lengst fartstid i å arrangere ungdomskveldar. I 48 år har han tatt imot ungdom frå 5. klasse og oppover på ungdomsklubben 10-16. Dei møtast på Skafså grendehus annankvar onsdag. Der er det ulike aktivitetar, som bordtennis, biljard og brettspel. Dei spelar fotball og innebandy og på slutten har dei ein kort andakt, eller ei samtale om ulike tema som opptek ungdommen.

– Før var det ikkje så mange aktivitetar. Nå er det fleire tilbod å konkurrere med, fortel Seltveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant anna trener ein del av jentene fotball på onsdagane. Det gjer at det har vore mest gutar med på onsdagsklubben i det siste. Medlemstalet har svinga frå 10–50 på desse åra. I fjor hadde dei 26 betalande medlemmer.

Seltveit gler seg over at det dei siste åra har det kome til fleire vaksne hjelparar. Det gjer at det også har kome med fleire ungdom, meiner han. Den pensjonerte læraren synest det er triveleg å halde litt kontakt med ungdom på denne måten.

– Men om ein held seg yngre av den grunn, det veit eg ikkje, seier 75-åringen.