Joleminne: Frå venstre: Gunhild, Bjørn, Torleiv, Olav og Tone Berdal jolekvelden 1979.

Mi magiske barndomsjol i Suistog

Eg har veldig gode minne frå jola som liten, og vil dele det med dykk i år.

Trass alt er jola den finaste stunda for barn i løpet av året, meiner mange. Eg voks opp på garden Suistog i den vesle grenda Berdal i Vinje kommune, midtvegs mellom Åmot og Dalen. Far min voks opp og overtok denne garden, og eg blei født på Rjukan sjukehus i 1970. Det var eit godt liv me hadde på garden og særskilt joletida der hugsar eg godt. Far dreiv med stutar til kjøtproduksjon og dreiv i skogen om vinteren. Mor var heimeverande og eg var mellomste i ein søskenflokk på tre. Systrene mine Tone og Gunhild, var høvesvis var to år yngre enn meg og tre år eldre enn meg. Garden er no ikkje lenger i slekta vår.

Lang ventetid

Førebuingane til jola byrja alt på sommaren, då me fiska med garn på Vingrosheia, inst i Berdal. Her fekk me fin aure til jolemiddagen, sjølv om fisken ikkje alltid var så raud i kjøtet. Men smaka godt gjorde den. Den blei reinska og frosen ned til jolemiddagen. Jolekvelden hadde me aure, kling, haglete og gomme. Fyrstedag jol så hadde me stort sett ribbe. Men den laaange ventinga på jolekvelden for oss utolmodige ungar byrja fyrst og fremst når jolekalenderen kom på fjernsynet. Når skulen avslutta før jol så var jolekvelden endå litt nærare. Eg hugsar ikkje heilt når me fekk fri, men det var kanskje ei veke før jolekvelden. Noko av det fyrste me gjorde var å få tak i programbladet og undersøkje kva som gjekk på fjernsyn i jola. Då var det fram med markeringstusj og streke under dei programma ein ville sjå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gamle tradisjonar

Sidan eg voks opp på gard, og me var delvis sjølvforsynte, så heldt me i hevd gamle tradisjonar. På sommaren så plukka me mykje ber. Frå ripsbuskane og solbærbuskane i hagen og sylta. Vidare så plukka me sjølvsagt molter til moltekremen me hadde til dessert på jolekvelden, og me hadde også ein fantastisk fruktsalat til dessert dei andre dagane. Bakinga og ølbrygginga byrja også i desember. Mor laga alle sju slaga og var litt fortvila over oss ungane som tok litt av deigen til kakene i smug og maula den. Søl blei det også når me baka peparkaker, med klissete melis i andletet og stort sett over alt. Men me kom i mål stort sett med bakinga. Peparkakene pynta me med nonstop, big ben-konfekt og melis. Hugsar enno den gode smaken av peparkaka blanda med melis og nonstop.

Både mor og far brygga øl. Mor laga sukkerøl når me var små og far sterkare øl seinare. Eitt år prøva han og Bård Bestum å lage maltøl, men det blei visst med det eine året. Årsaka til at det blei det eine året seier ikkje historia noko om …

Joli 1981. Frå venstre: Kari, Bjørn, Torleiv, Olav (bestefar), Tone Berdal.

Nekta å gå rundt treet

Så kom jolekvelden endeleg. Me var tidleg oppe og ventinga på gåvene byrja. Men det var ikkje fritt for at me hadde klemt litt på pakkene før dette og tenkt vårt om kva som var inni dei. Joletreet stod der så fint og det var henta i eigen skog. Dette ansvaret fekk eg etter kvart som eg vart eldre. Joleneket vart sett opp klokka tolv av bestefar min, og tradisjonen tru såg med «Tre nøtter til Askepott» og «Donald Duck og vennene hans» på fjernsyn, men akk så lenge til gåvene skulle bli opna likevel. Tidleg på ettermiddagen så reiste far i fjøset for å få unna stellet der og for at me skulle få eta jolemiddagen i rimeleg tid.

Eg misunner ikkje i dag det arbeidet far hadde med å reinske fisken for bein til tre utolmodige ungar. Etter middagen så var det å gå rundt joletreet. det vil seie for alle bortsett frå underteikna. Det var ikkje noko for ein tøffing som meg, meinte eg. Så feil kan ein ta.

Den sløve romjolstida

Romjola var tida for avslapping og nyte god mat ein hadde arbeidd med og hausta inn før jol. Det var sylte, jordberstyltetøy og alskens godt til frukost. Før ein stupte over gåvene ein hadde fått og undersøkte dei. Mange år på rad fekk eg den årlege «Sportsboka» i gåve. Den blei lese frå perm til perm, uansett kva sport det blei skrive om. Alt var interessant for ein sportsidiot som meg. Elles fekk eg ei jol ein litt spesiell lego. Eg hugsar ikkje namnet, men ein kunne byggje ulike ting med den og den hadde hol i seg. I desse hola kunne ein sette pinne i og sette saman legobitar på denne måten. Det var ulike anleggsmaskiner ein kunne bygge av dette settet. Dette settet sleit eg ut til slutt etter mange års bruk.

Romjola var også tid for besøk. Då besøkte me fyrst og fremst slektningane på Gvarv. Der budde syster til far min med familie, og dei kom på besøk til oss også av og til. Sjølvsagt vitja me også Eivind og Margit Ringhus på nabogarden Rugli. Eivind var god kompis av far og dei dreiv siloslåtten på dei to gardane i saman i mange år. Men ølet til far var så godt av me fekk besøk av Halldis Moren Vesaas med familie i mange år. For det fyrste var Halldis tanta til mor mi og ho elska joleølet far brygga, så det måtte ho få med seg. Det var alltid stas når Vesaas-familien kom til gards. Joletrefest på grendehuset i Nesland var også eit høgdepunkt, med alle frå grendene Nesland, Ligrend og Berdal. Der var det litt sketsjar som folk viste fram, utlodding av fruktkorg frå Nesland Landhandel og jolenisse som delte ut mandarinar til ungane. Ei fin stund der bygdefolk var samla og hadde mange fine samtaler etter nokre dagar for seg sjølve.

Jolebukk er ein gamal tradisjon me også heldt ved like. Då var det å kle seg ut, sitje musestille med maskene på hjå dei me vitja og ikkje seia eit ord for ikkje å bli avslørte kven me var. Men gud kor vanskeleg det var å eta med maska alt det gode me fekk av kaker, og for ikkje å seie når me skulle drikke gjennom eit bittelite hol i maska. Slik minnest eg mange gode år på garden i Berdal som unge.

Peparkakebaking: Frå venstre: Tone, Torleiv og Gunhild Berdal.
Jolemiddag: Det var vanleg å besøke Berge-folket på Gvav i jola. Frå venstre: Mattis Berge, Tuva Berge, Åse Berge, Gunhild Berdal og Bjørn Berdal.
Joleminne: Jolebukkar.
Joleminne: N/A