Ingrid Skålid von der Fehr Amundsen er busett i Fyresdal og gjennomførte nyleg Femundløpet saman med Alaska huskey-hundane sine.

Gjennom hausten og vinteren vil Ingrid halde lesarane oppdaterte på førebuingane til Femundløpet

Eg heiter Ingrid Skålid Amundsen og bur i Fyresdal saman med sambuaren Sondre, katten Melvin og eit hundespann beståande av 12 Alaska huskyar.

Etter Femundløpet for to år sidan bestemte eg meg for at me skulle ha eitt års pause frå å trene til hundeløp, før me på nytt skulle begynne å tenkje Femund igjen. Eg hadde i mellomtida eit valpekull på seks, der eg beheldt fire og vier tida til dei. No har dei blitt gamle nok til å kunne vere med for fullt, og det blir spanande å sjå korleis dei taklar treninga framover, både fysisk og mentalt.

Planen er å starte i 450 km-klassen i februar, målet er å fullføre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Femundløpet

Femundløpet er eit sledehundeløp som har vorte arrangert kvart år på Røros sidan 1991, vanlegvis ei av dei første helgene i februar. Løpet har i dag fire ulike klassar; ein juniorklasse med maks seks hundar framfor sleden, ein 200- og ein 450-kilometerklasse med åtte hundar, og klassen på 650 kilometer med 12 hundar. I 2025 har Femundløpet VM-status, som vil seie at alle som startar Femundløpet er med i VM.

Gjennom hausten og vinteren vil Ingrid Skålid Amundsen i Fyresdal halde lesarane i VTB oppdaterte på førebuingane til Femundløpet i 2025.

Ho byrja med hundekøyring i 2014. Ho køyrde Femundløpet (450 km) i 2019 og 2023, og Finnmarkløpet (600 km) i 2020.

August er månaden dei fleste som har eit hundespann i hagen, startar med treninga for sesongen. Sesongen varer frå august til, er me heldige, kanskje heilt til mai. August er også ein månad med varierande temperaturar, noko som gjer at trening enten føregår seint på kvelden eller tidleg på morgonen, når det er kaldt nok. Hundane er polare pelsdottar, og gradestokken bør helst vise under ti grader før trekkelen kjem på. Målet mitt om fire økter i veka, rauk alt første veka. Fortsetjinga gjekk noko betre. I august er det korte, lette økter som står på menyen. Bygge seg sakte opp att etter ein lat sommar, før ein etter kvart kan auke distansen.

Etter å ha flytta til Kleivgrend frå Hauggrend i juli, har me prøvd å finne nye vegar å trene på. Vegar der me helst ikkje forstyrrar andre, verken folk eller dyr, når me i august må starte ut til tider andre helst søv.

Mange spør meg om ein set hjul på hundesleden for å trene på barmark. Det finst mange måtar å trene på barmark på, dei aller fleste bruker firhjuling og nokre brukar eigne vogner laga for hundekøyring. Eg trenar mine med bil om hausten, dette gjer at eg kan ha med ein valp som får springe litt laus og «gamlefar» på 11 år som kan gå litt i spannet, litt laus og elles kan dei begge sitje på i bilen når dei blir slitne.

Denne månaden har hundane banka inn sine første mil i potane for sesongen. Å spørje ein hundekøyrar om talet på mil han eller ho legg ned av trening gjennom sesongen, er litt som å spørje ein reinsame om talet på rein han eller ho har i flokken. Det er uansett små marginar som kan gjere store utslag, uansett korleis du legg opp treninga, ein av dei marginane er underlaget. Grusen på ein av dei nye vegane me har brukt var skarpare enn eg hadde trudd, og fleire av hundane fekk potesår alt etter få økter. No er det førti potar som får kle på seg gummisokkar før tur. Ein soleklar grunn til at mange hundekøyrarar tidleg får ryggproblem. Éin telttur blei det også i løpet av august, to korte økter og fem timar kvile. Eit mål på vegen til Femund er å leggje opp treninga meir som løpet faktisk er, kvile meir på sporet saman med hundane mellom treningsøktene.

Så får vi sjå, korleis det går vidare.