Laurdag 30. juli starta desse spreke medlemmane av Berunuten-slekta vandringa langs same stiar som «forfar og formor», Lars og Guri Berunuten.

Følgjer fotspora til Guri og Lars Berunuten – 150 år etter

Laurdag la 15 personar frå Berunutenslekta i veg frå Hjølmoberget i Eidfjord. Målet deira er å nå Berunuten i Songa fredag 5. august. Saman med ein kjentmann, to hestar og ei bikkje, følgjer dei same ruta som ekteparet dei alle stammar frå.

15 er jo ein god gjeng, men i Berunuten-samanheng er dei berre for ein varde på fjelltoppen å rekne. Ein solid velkomstkomité vil ta imot reisefølgjet på Berunuten fredag. Planen er at heile 200 slektningar skal koma seg til slektsgarden for å ta imot dei som har gått over Hardangervidda.

Alice, Inge og Magnus er klare til vandring.

Ingen hus og det tiande barnet under bringa

Guri og Lars kjøpte garden Berunuten i 1872, og reisa deira dit gjekk langs same ruta som dei 15 etterkomarane ferdast langs denne veka. Garden var i dårleg stand og mangla våningshus. Eit sel var einaste bygget som stod, og med det tiande barnet på veg var det nok å gjere. Men paret bygde opp garden, og vart buande der i 20 år med både barn og barnebarn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med ti barn som utgangspunkt har det blitt ein frodig familie. Til laurdagen kjem over 500 personar frå slekta til å samlast i Edland. Det opplyser Signe Gardsteig, ein av etterkommarane av Lars og Guri. Ho gler seg til slektsstemnet.

– Det er utruleg moro og spesielt å vere ein del av, sjølv om eg ikkje går over fjellet!