Vaksenopplæringa i Seljord: Besøk på vaksenopplæringa i Seljord. Hala (t.h.) frå Syria er ein av dei erfarne elevane på grøn gruppe på vaksenopplæringa.

Flyktningtenesta har hatt flaks i Seljord. – Men flaks og dyktigheit er to sider av same sak

«Jeg heter Hala. Hva heter du?» Spørsmålet blir sendt rundt ringen, der dei erfarne elevane frå grøn gruppe har ei oppstartsøkt saman med nykomarane i oransje gruppe.

VTB besøker opplæringsarenaen til flyktningane i Seljord og Kviteseid, som ligg i Seljord næringshage. Ein fargesprakande vegg leiar oss inn til hjartet av vaksenopplæringa, der me kjem til ein resepsjonsdisk og ei lita sitjegruppe. Bak disken står Wenche Jønholt og og Wenche Heldal og smiler.

– Ansvaret til vaksenopplæringa er eigentleg avgrensa til dei noverande elevane, men dei som er ferdige kjem stadig innom, fortel dei to Wenchene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokre vil berre helse på, medan andre treng hjelp til noko. Og då gjer me så godt me kan, som eit slags uoffisielt servicekontor for flyktningane.

Resepsjonen er omkransa av kontora til dei tilsette og fleire fargekoda klasserom – lilla, oransje, raud, grøn. Heldal tek oss med attende langs den fargesprakande veggen, forbi eit grupperom og fleire kontor, gjennom eit lite kjøkken, og så kjem me ut i kantina med utsikt til Brøløs. Der finn me flyktningkoordinator Per Atle Einan.

Har hatt flaks: Flyktningkoordinator Per Atle Einan meiner dei var heldige med mykje i Seljord då busetjinga plutseleg vart mangedobla i 2022

Femdobla busettinga i 2022

Dei siste åra har busettinga i Seljord vore på rundt 10–15 personar i året. I fjor vart talet 53, men flyktningtenesta har flyte godt i Seljord trass i den krevjande situasjonen.

– Me har hatt flaks, seier Einan.

For det fyrste har dei hatt eit stabilt mannskap. Einan har vore flyktningkoordinator i Seljord sidan 2005. Heldal, som er lærar med administrasjonsansvar på vaksenopplæringa, har vore der mest like lenge, og også Jønholt og noko av staben har vore stabile over tid.

I 2022 måtte mannskapet brått utvidast, og her heldt flaksen fram.

– Me fekk tak i to nye lærarar med ein gong. Den eine, ein pensjonert vidaregåande lektor, kom til oss av eiget initiativ fordi han ville hjelpe. Også ein som kunne tolke ukrainsk var på plass i løpet av eit par veker etter dei fyrste ukrainarane kom, fortel Heldal. Dessutan har dei fått med seg to brør frå Kongo i staben.

– Dei er gull verd, understrekar Heldal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilsette med flyktningbakgrunn: Brørne Desiré Mizerero (t.v.) og Shadrach Flatland var sjølve flyktningar frå Kongo, og jobbar no ved vaksenopplæringa.

Vidare vart det naudsynt med fleire klasserom. Der var dei også heldige, sidan nabobedriftene i næringshagen hadde fleire laglege rom som vaksenopplæringa kunne få disponere på dagtid.

– Så me har hatt flaks, gjentek Einan.

– Men flaks og dyktigheit er jo to sider av same sak, legg han til med glimt i auget.

Duft av nybakte bollar

Med eit system i god flyt, blir det også overskott til å gjere det vesle ekstra.

– Me legg vekt på at det skal vere triveleg å flytte inn i ny bustad, fortel Einan.

– Til dømes prøver me på å bake noko i huset same dagen som flyktningane kjem til Seljord, slik at dei ikkje berre får noko godt og ete, men at det også duftar nybakt i huset.

I staben har dei også ein miljøterapeut og ein miljøhund.

– Arthur spreier mykje glede. Samstundes er han god øving for dei som kjem frå kulturar der hund er uvanleg. For Noreg er jo eit hundeland, fortel miljøterapeut Linda Hovden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Miljøhund: Miljøterapeut Linda Hovden (t.v.) med miljøhunden Arthur, flyktningkoordinator Per Atle Einan og lærar med administrasjonsansvar Wenche Heldal.

Det venlege blikket

Ein annan verdi dei held høgt er «det venlege blikket».

– Alle som kjem hit skal bli møtt med eit smil, og føle seg sett og godt tatt vare på, seier Einan.

– Og det set seg i veggane. Folk kjem inn døra her med høge skuldrer, men senkar dei fort.

Den ukrainske gullsmeden Olena merka godt denne venlegheita då ho kom til Seljord.

– Alle smilte heile tida, og det var uvant og kjendes litt rart. Heime i Ukraina var det ikkje vanleg med så mykje smiling, forklarar Olena. Ho har no vent seg til den nye veremåten og møter omverda med eit strålande smil.

Smiler stort: Olena frå Ukraina møter oss med eit stort smil, men innrømmer at all smilinga ho opplever når ho møter ukjende folk i Noreg var litt uvand i starten.

Ein annan ting ho har lært seg er tolmod.

– Eg er vant til eit effektivt samfunn, til dømes at ein får time hos lege eller på sjukehus raskt, og der legen som regel skriv ut medisin. Her må ein vente lenge i kø, og det skrivast ut mindre medisin, fortel Olena.

Ho var også ukjend med aktiviteten «gå på tur».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men no liker eg det, og eg synest naturen i Noreg er veldig fin, fortel ho.

Faktisk hadde både Olena og dottera lenge drøymd om å besøke Noreg.

– Men ikkje på denne måten, som flyktningar frå krig.

Har lært å gå på tur: Mange som kjem som flyktningar er ukjende med aktiviteten «gå på tur». Her nyttar elevane i Seljord ein torsdag til å dra på tur til miljøterapeut Linda Hovden. Miljøhunden Arthur er sjølvsagt også med.

Brubyggjarar

– Når flyktningane kjem til Noreg, kan mange kjenne seg veldig usikre, seier Shadrach Flatland. Han har sjølv flyktningbakgrunn, og jobbar no ved vaksenopplæringa.

– Det kan vere vanskeleg å forstå systemet og vite kven ein kan ringe for å få hjelp.

Her har flyktningtenesta god nytte av dei som har budd i Seljord ei tid.

– Når me får beskjed om at nye flyktningar skal kome, ringer me nokon som har vore her ei stund og som har same språkbakgrunn, slik at dei er med og tek imot dei nye.

Vaksenopplæringa i Seljord: Besøk på vaksenopplæringa i Seljord. Shadrach Flatland.

Dette er eit grep flyktningane set pris på. Inne på klasserommet til «grøn gruppe» fortel syriske Hala om naboen deira.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me fekk bu ved sidan av ein som snakka arabisk. Det var til god hjelp.

– Ja, det betyr mykje å ha nokon å spørje om ting, nikkar kongolesiske Julienne.

– Ikkje berre at dei forstår språket ditt, men at dei forstår kor store endringar du går gjennom, held ho fram. For overgangen frå Kongo til Seljord var stor.

– I Kongo kunne eg berre ta taxi dit eg skulle, og maten hausta eg i eigen hage året rundt. Då var det godt å kunne snakke om det med nokon som forstod kor uvant det var å planlegge innkjøp på Rema 1000, ler ho. Etter kvart har ho oppdaga at det er veldig mange gode sider ved livet i Noreg.

– Det er likestilling her, og det er eit godt land for barna. Dei får gå på skule og får eit godt aktivitetstilbod. Og det er veldig bra at det er forbode å slå barn her.

Stakk innom: Khalid Shaker (t.v.) er ein tidlegare elev, men stakk innom vaksenopplæringa for å helse på. Han er i full jobb på Seljord barneskule. Her saman med Husam frå Syria og Julienne frå Kongo.

Spørjetime kvar veke

Trass i alt ein gjer for å ta godt imot, dukkar det likevel opp mange spørsmål og frustrasjonar. Det er er dei opptatt av å ta raskt tak i på vaksenopplæringa.

– Når folk går og lurar på noko, må me ta tak i det med ein gong. Små ting kan fort føre til mykje frustrasjon, forklarar Einan.

Kvar skuleveke startar derfor med ein spørjetime der det er tilsette til stades som kan fungere som tolk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då kan dei ta opp kva som helst.

Julienne og familien fekk kjenne på ein stor kvardagsfrustrasjon det fyrste året i Seljord. Dei budde eit stykke frå sentrum, og logistikken vart svært krevjande.

– Me har fire barn, og det tok minst ein time kvar veg for å koma oss til barnehage og skule. Barna sette seg ned og gråt, og det var veldig vanskeleg.

Julienne sa i frå om problema, og fekk hjelp.

– Det tok litt tid, men så fann dei anna hus til oss, slik at vegen vart mykje kortare.

Sjakk og kaffe

Dei tilsette i flyktningtenesta rosar seljordingane, og seier dei har vore flinke til å stille opp for flyktningane.

– Folk kjem hit med klede, og det er me veldig glade for. Me legg det ut over slik at flyktningane kan forsyne seg med det dei treng, seier Heldal.

Men dei har også ei oppmoding:

– Ta kontakt med dine nye naboar. Ikkje bry deg om at dei har annan hudfarge eller kultur. For dei treng språktrening, seier Einan.

Det treng ikkje vere stort for å bety mykje.

– Mannen til ein av dei tilsette her inviterte meg på besøk til seg, fortel syriske Husam.

– Og no møtest me jamleg. Me spelar sjakk og drikk kaffe.

Frå flyktning til seljording

Framtida byr på nokre utfordringar for flyktningtenesta i Seljord. Dei må no rekruttere endå fleire lærarar i vaksenopplæringa, og finne fleire laglege bustadar. Kommunen vart oppmoda om å busette 60 personar i 2023, men kommunestyret nedjusterte talet til 40, og Einan ser ljost på å klare det talet.

– Det dryp stadig inn litegrann, så eg trur nok me skal klare 40, seier han.

– No fekk eg nettopp greie på at eit flyktningpar har kjøpt seg hus, og dei vil ikkje selje leilegheita si, men i staden leige den ut til nye flyktningar.

Slike nyhende gler han seg stort over.

– Eg ser at folk lykkast, at dei får seg jobb og hus. Det er i alle fall seks familiar som har kjøpt seg hus i Seljord sidan eg starta i jobben. Og då er dei ikkje flyktningar lenger, seier Einan.

– Då er dei blitt seljordingar.

Les også
– I Noreg er ein oppteken av tid. I Kongo er ein oppteken av folk