Ut for å hjelpe: Det er ein nydeleg morgon når elevane vandrar ut i sentrum for å gjere ein innsats for andre.

Faget som flytter fokuset: – Det gjev ei veldig god kjensle etterpå

Dei målar klubben, bygger lego, ber ved og har gode samtalar om gamle dagar. Valfaget «innsats for andre» kan innehalde nesten kva som helst – så lenge det vert gjort for andre.

Morgonhimmelen gløder i raudt og oransje over tre ungdommar som går målretta gjennom Seljord sentrum. Dei er på veg for å gjere ein innsats for Olga.

– Det er koseleg å hjelpe nokon som faktisk treng det, seier Linn Kristin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og det gjev ei veldig god kjensle etterpå, nikkar Helene.

Etter nokre minuttar er dei på plass hos Olga, som har ei lang trapp opp til inngangsdøra si i andre etasje. Ho treng ved, men har vondt i både armar og bein. Jentene får nøkkel til boden, og snart er mange vedposar på plass oppe ved inngangsdøra.

– Vil de koma inn og hjelpe meg med gardinene også, spør Olga.

– Sjølvsagt, svarar jentene og blir med henne inn.

Har børi ved: Maria Bjørge (f.v.), Linn Kristin Slettetveit Svendsen og Helene Øverland ber ved for Olga.

Positivt for læringsmiljøet

Ein grå bil svingar inn ved sida av trappa til Olga, og rullar ned ruta.

– Hopp inn, så køyrer me til Tordis, seier Mona Skogheim.

Ho er ein av faglærarane i valfaget «innsats for andre», som 16 elevar ved Seljord ungdomsskule har kvar fredag morgon.

– Det er eit fantastisk fag, ikkje minst med tanke på læringsmiljøet, seier Skogheim medan me køyrer langs Brøløs.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjer noko med elevane å vere ute på oppdrag saman og hjelpe andre. Dei vert kjende på ein ny måte når dei gjer noko praktisk saman på ein ny arena. Og i tillegg kjem den gode kjensla av å vere til nytte.

Valfaget har berre denne eine dobbelttimen i veka, så tida er ein liten stressfaktor. Det hender av og til at Skogheim skyssar nokre med bil for å spare tid.

– Men stort sett går dei på beina.

Sjåfør: Faglærar Mona Skogheim er ute med bilen, og skyssar VTB frå den eine innsats-for-andre-gruppa til den andre. Elevane går stort sett på beina. – Men det hender eg gjev dei skyss for å spare tid.
Innsats for andre i Vest-Telemark

VTB har spurt dei andre skulane i Vest-Telemark om dei har faget «innsats for andre». Tre skular svarar at dei har faget: Kviteseid, Nissedal og Høydalsmo.

I Kviteseid har dei hatt dette valfaget på timeplanen i minst ti år samanhengande. I år er dei 18 elevar. Dei har for tida ikkje aktivitetar utanfor skulen, men har kantinedrift kvar fredag på skulen. Dette er veldig populært, fortel rektor Odd-Arne Thorbjørnsen.

I Nissedal har dei også hatt dette valfaget i fleire år, og er i år 23 elevar i gruppa. Elevane gjer ein innsats i barnehagane, SFO, omsorgssenteret og liknande, men ikkje heime hos privatpersonar, opplyser rektor ved Nissedal ungdomsskule, Marius Vøllestad.

I Høydalsmo har dei hatt dette valfaget dei siste to åra, og det er for tida 10 elevar i gruppa. Heller ikkje her har elevane hatt arbeidsoppgåver i private heimar, men har til dømes vore på alderspensjonatet, der dei har servert kake eller vaflar, spela kort og samtala med dei som bur der. Dei har også hatt aktivitetar for barnehage og SFO, hatt kantinedrift på skulen og har selt ulike produkt til inntekt for veldedige føremål, informerer inspektør Aslaug Helene Erikstad.

Vil gjerne nå fleire

Gjengen har mange jern i elden, og mellom dei som har fått glede av innsatsen deira dette skuleåret er Redd Barna, yngre elevar, barnehagebarn, den komande ungdomsklubben og eldre på Nestunet. I tillegg har dei også fått kontakt med nokre få eldre som bur heime og treng hjelp til praktiske oppgåver. Dei fyrste to fann dei fram til via ei facebookgruppe for småjobbar i regi av Frivilligsentralen.

– Og då me var og hjelpte ei av dei, kom ei anna dame ut og sa at ho visste om ei til som trong hjelp, fortel Skogheim.

No har elevane også hengt opp plakatar ved leilegheitsbygg i sentrum der fleire eldre bur, og Skogheim håpar ryktet spreier seg.

– Me vil gjerne nå alle som treng det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil nå fleire: Denne plakaten har «innsats for andre» hengt opp i Seljord sentrum.

Me svingar inn ved huset til Tordis. Her er tre elevar til i sving – ein støvsugar, ein kostar snø på verandaen og den tredje henger opp gardiner.

Fornøgd: – Elevane er kjempeflinke, seier Tordis Andersen, som får hjelp til å rydde ut jola. – Men joletreet, det får barnebarnet mitt ta seg av.
Brøytemannskap: Milia Lauvstad kostar verandaen slik at Tordis får fri veg til fuglemataren.

– Eg har noko jolepynt som skal ned i kjellaren også, seier Tordis til hjelparane. Ved døra til kjellartrappa står fleire kasser og posar med jolepynt. Tordis opnar døra og me ser kvifor ho treng hjelp – for denne trappa er jammen bratt.

Jentene tek nokre ting kvar og på ein-to-tre er sakene ryddig plassert i lagerrommet der nede. Dermed er jola nesten ute, men det kunstige joletreet står framleis.

– Det er litt mykje greier med det, så det får barnebarnet mitt ta til måndagen, ler Tordis.

Bratt trapp: For gamle, vonde bein er denne trappa slett ikkje god, men for 13-14-åringane er den ingenting.

Engasjerte elevar

Ute ventar den grå bilen, og me durar vidare til neste gjeng. Dei er i ferd med å måle lokala som skal bli ungdomsklubb, i den gamle rutebilstasjonen rett overfor skulen.

– No er det berre ti minutt til det ringer ut til friminutt, seier Skogheim til gjengen.

– Søren, kjem det frå fleire. Dette liker dei godt å drive med.

– Dei er altså så flinke, rosar Skogheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, og det er veldig fint å få hjelp, seier ungdomsklubbleiar Heidi Grue Holth, som også er i sving i lokalet.

Samarbeid: Ungdomsklubbleiar Heidi Grue Holth er glad for hjelpa frå valfaget «innsats for andre», og fortel at også andre fag bidreg til å få klubben i gang, til dømes design og redesign.
Lystbetont: Det er moro å måle, synest Live Flatland.

På andre sida av vegen ringer det til friminutt, men måleinnsatsen held fram. Tenk om alle fag kunne inspirere elevar slik som dette.

– Jammen bruker dei friminuttet også, seier bladfyken imponert til læraren.

– Ja, dei er altså så engasjerte. Det einaste minuset er at me kjem litt på hælane tidsmessig, slik at me ofte må ta oppsummeringa neste veke, ler Skogheim.

Siste ord er eit spøkefullt hjartesukk frå to karar frå teknisk som målar klubbtaket.

– Tenk om me også hadde fått så mykje skryt for arbeidet vårt.

Hjartesukk: – Tenk om me også hadde fått så mykje skryt for arbeidet vårt, sukkar Torgeir Listaul frå teknisk etat spøkefullt.