Privilegium: – Det er eit privilegium å få oppleva pensjonisttilværet, seier Jon Svartdal (fødd i 1955) som har funne gravplass for så mange av sambygdingane sine. Ved årsskiftet slutta han i jobben som kyrkjeverje i Seljord.

Demokratifundamentalisten som veit korleis det er å vera blakk, og moromannen som fekk partifelle Kåre Kristiansen til å forlate møtet

Jon Svartdal i Seljord er ein allsidig kar. Når han etter 24 år som kyrkjeverje pensjonerer seg har han mykje på hjartet – alt frå risper etter nordbygdaren Halvor Hartholt til sterke meiningar om verdssituasjonen.

– Om det var glatt i dag? Ja, det var så hålt ned Hartholt-bakkane. Eg som låg på hælane og olbogane heilt heimantil og ned til Lisland-brui.

Ei anna vende Halvor Hartholt kom på bui fortalde han: «I natt var det ein ulikeleg vind på Hartholt. Tenk – det bles ned eit furu som aldri i verda har blåse ned før.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Jon Svartdal (68) voks opp i Nordbygdi i Seljord med flinke forteljarar og fekk med seg dei gode historiene. Han undrar på kven han hadde vore om han hadde vakse opp ein annan stad.

– Mange av forteljarane var gode på kjeften, og dei var dristige i praten overfor ein gutunge. Dessutan skjer det mykje ufriviljug morosamt i gode lag, presiserer han.

Ein del av desse historiene brukar han som stand-up-komikar. Men stand-up, slik me kjenner omgrepet er det ikkje, for historiene er sanne. Utanom Halvor Hartholt trekkjer han fram Aslak O. Meås og Kristian Loftsgarden som særleg gode forteljarar.

– Kven hadde eg vore utan desse tre, undrar moromannen leande.

Vel, noko arveleg belasta er han. Båe foreldra hadde god sans for humor, sjølv om faren – Halvor J. Svartdal – kjend som lærar og klokkar, ikkje syntest han kunne fortelje slike historier utanfor heimen.

– Han hadde eit image å ta vare på.

Då han stanga i KrF-taket

– Eit slikt image burde vel du òg ha, som KrF-politikar og kyrkjeverje, men du bryr deg ikkje?

I staden for å svara på spørsmålet, kjem han med ei ny historie. Før Svartdal starta som kyrkjeverje i Seljord i 2000, var han vaktmeister på Granvin kulturhus – ei stilling han hadde i åtte år. Det var i denne tida at Aasmund Nordstoga frå Vinje kontakta han etter at han hadde blitt spurt av Kristeleg Folkepartis ungdom om å underhalde på landsmøtet som skulle vera på Bø hotell, og ville ha med seg Jon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trudde det berre var unge KrF-folk på møtet, så dei må då tole litt, tenkte eg. Det som var haken med det, var at dei hadde invitert med mange av dei gamle formennene. Der sat Lars Korvald, Kåre Kristiansen og Kjell Magne Bondevik. Der var Bondevik blant sine eigne, og han framstod som mykje betre enn slik eg hadde sett han på fjernsynet. Han var rett og slett veldig god, og dermed blei eg uforsiktig. Han fortalde mellom anna at han hadde fått eit fallskjermhopp i gebursdagsgåve.

– Ja, det var deg vel unt, sa eg, for eg har høyrt at å hoppe i fallskjerm er det beste du kan oppleva med buksa på.

Kåre Kristiansen reiste i raseri. Han heiv seg i bilen og køyrde til Oslo.

Og så fortalde Jon at far honoms var med i KrF.

– Tidlegare førestilte eg meg at seksuallivet til KrF-arane avgrensa seg til ukontrollerte rykningar i stummande mørker. Og så ser eg dykk nå, med ein slik humor, sa han og skoda ut over salen.

– Så bra, tenkte eg. Men det var ikkje så bra. Kåre Kristiansen reiste i raseri. Dei prøvde å stagge han, men han let seg ikkje stagge. Han heiv seg i bilen og køyrde til Oslo.

Jon skulle eigentleg inn på scena to gonger, men forstod at dette bar gale i veg, så han droppa den andre bolken.

– Så då stanga eg i Kristeleg Folkeparti-taket.

Ein del år seinare var han på ei samling i Bergen for kyrkjeverjer. Der møtte han KrF-politikaren Valgerd Svarstad Haugland, som då var kyrkjeverje i Oslo, men som hadde ministerpostar frå 1997 til 2005.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg gjekk bort til henne og spurde om ho var på det KrFU-møtet i Bø på 1990-talet.

– Ja, kom det kjapt, var det du som var moromannen?

Politisk aktiv

Dette var før han sjølv kom inn i KrF i 2007. Han forklarar kvifor han då valde å engasjere seg politisk. I arbeidet som kyrkjeverje søkte han kommunen om midlar til å byggje eit kyrkjelydshus. Han spurde om å få presentere planane i eit kommunestyremøte.

– Det fekk eg ikkje lov til. Då tenkte eg at det berre er éin måte å få tilgang til kommunestyrets talarstol. Det med partival var eg ikkje så veldig medveten om, men eg visste at det var ledig plass på topp i Kristeleg Folkeparti. Eg melde meg inn, og blei spurt om stå øvst på lista. Då blei eg varaordførar, med Solveig Sundbø Abrahamsen (H) som ordførar. Etter kvart merka eg at eg var meir høgremann enn KrF-ar.

– På kva måte merka du det?

– Eg meiner det er Høgre som skapar flest arbeidsplassar. Det var trumfen.

Jon Svartdal var fungerande ordførar frå 2013 til 2015, medan Solveig Sundbø Abrahamsen var på Stortinget. Deretter gjekk han over til Høgre.

– Kva oppnådde du dei åra du var politisk aktiv, viss du skal velje éi sak du er stolt av?

Artikkelen held fram under annonsen.

Den elles så ordhage og munnrappe karen blir stille ei stund. Ei god stund. Tenkjer seg godt om – før han svarar: «Eg meiner sjølv at eg som ordførar greidde å hindre at Distriktspsykiatrisk senter i Seljord blei lagt ned.»

I tillegg nemner han plassering av strålesenter ved sjukehuset i Skien som ei sak han hadde avgjerande innverknad på.

– Det som eg sa då på eit møte, som einaste representant frå Vest-Telemark, det såg eg at gjorde ein forskjell.

Han snakkar om måten ting blir sagt på. Å snakke om store avstandar i Telemark er for diffust.

– Det held ikkje å seie det. Viss det blei lagt til Vestfold, er det mange telemarkingar som fekk veldig lang veg til strålebehandling. Legg du det til Skien, så er det ingen i Vestfold som får lang veg. I Vest-Telemark er det ei folkemengd på storleik med Porsgrunn by som får ein urimeleg lang veg til strålebehandling. Dét argumentet såg eg at gjorde ein forskjell.

Å snakke om døden

Sola kikkar fram eit bel og lyser opp sørveggen av Seljordskyrkja, og det er tid for fotografering. Me går på kyrkjegarden der Svartdal gjennom åra har hatt som jobb å ordne graver – ofte til folk han kjende godt. At det ikkje er sjølvsagt å bli pensjonist, er han så fullstendig klar over.

– Å møte folk i sorg, er spesielt. For mange av dei er det totalt framandt, og for mange uventa, også. Du må prøve å møte folk på ein god måte, og må ikkje vera redd for å møte folk i sorg. Og så hender det eg må stille spørsmålet «eg går ut frå at de skal ha ei dobbel grav?», viss ein partnar lever att. Og då har eg vore ute for at folk kvekk. «Skal eg døy, også?» Eg har vore ute for det fleire gonger at folk har kvokke så dei har hoppa når eg har spurt om dei skal ha dobbel gravstad. Då ser du korleis folk kan fortrenge døden, og i det landskapet skal du navigere.

Det eg tenkjer mest på med min eigen død, er kva eg går glipp av.

Han har møtt mange ulike menneske. Mange som tenkjer praktisk kring død og gravferd, men òg dei andre. Slike som til dømes ikkje på nokon måte kan tenkje seg å bli gravlagt i ei grav som har blitt bruka før.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skal ikkje ned i den beinhaugen der, seier dei.

Svartdal forklarar korleis kyrkjegardsarbeidarane skal handtere gjenbruk av graver.

– Det dei finn av bein skal liggje under botnen av grava, slik ho står før ny kiste skal senkast ned, informerer han.

Når gamle graver blir opna, kjem dei ikkje berre over beinrestar, men også protesar. Ein periode var det også vanleg å pakke lika i plast, men nokon slike graver har aldri kyrkjeverja i Seljord kome over i si tid i stillinga. Derimot kjem dei av og til over såkalla katastrofeposar. Det er gjerne avdøde som er sende frå utlandet, har lege lenge før dei er funne, eller er transportert over lengre strekningar. Desse gravene kan ikkje brukast om att.

Då er me over på gravferdslova og kor mange dagar det i utgangspunktet kan gå frå då personen er avliden og til han skal vera i jorda.

– Lova seier ti vyrkedagar. Då er laurdag og sundag unnateke, i tillegg alle raude dagar på kalenderen, fortel kyrkjeverja.

I bårehuset i Seljord er det kjølerom, der temperaturen er på 4–5 plussgrader. Slik er det også i Flatdal, men i Åmotsdal er det bårehus utan kjøle, så om sommaren er ikkje dette i bruk.

For mange er døden så fæl at dei ikkje vil tenkje på det, har kyrkjeverja erfart.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det som eg tenkjer mest på med min eigen død, er kva eg kjem til å gå glipp av. Eg vil leva meir, eg vil oppleva meir. Men det som er veldig vanleg er at dei kjem i ein situasjon der ein kan seie at «no var det godt vedkomande fekk sleppe». Når helsa sviktar slik at det blir vanskeleg å få auga på at det kan vera noko særleg meir livskvalitet, at det blir meir liding, då blir døden ei frigjering.

Tabuemne: – For mange er å ha dei rette haldningane viktigare enn å avdekkje ubehagelege realitetar, seier Jon Svartdal, som meiner nye tabuområde veks fram.

Den reiseglade spørjaren

Livskvalitet for Jon Svartdal er det mellom anna i springing. Då kjenner han seg levande. Det gjer han også på reiser rundt om i verda. Då økonomien betra seg såpass, kring årtusenskiftet, byrja reiseverksemnda.

– Ein kan ikkje vente med å reise til ein er gjeldfri, poengterer han, og svarar på spørsmål om reisemål han har besøkt.

Dei omfattar både India, Mexico, Thailand, Egypt, Tunisia, Kapp Verde, Hellas, Tyrkia, Kanariøyande, Peru, Svalbard og safari i Afrika. Reise skal han gjera meir av no når han blir pensjonist, i tillegg til å ta seg fram på føter og ski. Planen er også å skrive – slikt som betraktningar og dikt. Om det er noko han har skrive som han vil formidle til lesarane? Då kjem han opp med denne aforismen:

Svar kan eg forkaste,

spørsmål kjem eg ikkje unna.

Grunnen til at han skriv, både dette og anna, er at han meiner det er somme spørsmål som ikkje er politisk korrekte å stille.

– Når eg til dømes sit og ser på nyheiter på fjernsyn, og så sit eg med spørsmål som ikkje blir stilt. Kvifor stiller dei ikkje spørsmåla som interesserer meg? Dersom desse spørsmåla blir stilt, om kvifor ting skjer, så får du eit enkelt og ufullstendig svar. For å forklare grunnen til at ting skjer, går dei berre eitt trinn bak, og så er det kanskje mange trinn.

Eg fryktar den vestlege sivilisasjonen rotnar på rot.

Han utdjupar dette med ømtoluge tema og tabuområde.

– Nye tabu veks fram. Før var det kristendomen som hadde sine tabuområde. Nå er det spørsmål som ikkje må stillast og ting som ikkje må seiast. Viss du seier det, er du utdefinert. Difor kan ein seie at den politiske korrektheiten er autoritær. Men dei som ikkje stiller dei kritiske spørsmåla merkar ikkje dét. Politisk sett er eg mest av alt konservativ, og då meiner eg i ordets eigentlege tyding – som vil seie å konservere det gode samfunnet som eg voks opp i, og som eg har levd i. Eg er demokrati-fundamentalist, og held demokratiske verdiar som ytringsfridomen og pressefridomen høgt. Eg fryktar den vestlege sivilisasjonen rotnar på rot. Dette med tabufelta og det å vera politisk korrekt er så uangripeleg, så eg trur det er mange som ikkje registrerer kva som skjer. Ta til dømes denne naiviteten – ein må sjå på korleis verda ser ut. Når ein ser kor mange krigar og konfliktar som er rundt i verda fortel dette at «slik er menneska». Somme seier at dei trur på det gode i menneska.

– Gjer du det?

– Eg håpar på det gode, men eg ser altfor mykje konfliktar ute i verda, og når ein ser korleis folk kjempar for sin eigenart, då blir ein uroleg. Då må du stille dei vanskelege spørsmåla, spørsmåla som kanskje gjev svar du ikkje ynskjer. No er eg så fordomsfull at eg tenkjer at folk bestemmer seg for kva personar dei vil vera, og då tek dei på seg dei haldningane dei synest er gode, og så vil dei ikkje høyre om ubehagelege ting som gjer at du kanskje må endre verdsbiletet ditt. Men dette er det mange som ikkje registrerer – dei ser på ting som sjølvsagte. Og dei utskota som tenkjer annleis, dei vil me ikkje ha noko med å gjera. Dei vil ikkje vera utskot.

Etterlyser spørsmål om ubehagelege realitetar

– Kva meiner du er det viktigaste spørsmålet som ikkje blir stilt?

– Når det til dømes gjeld Midt-Austen er det ufred der fordi staten Israel blei etablert. Utan den, hadde ikkje krigen vore. Det kan verke som at det som er viktigare enn å avdekkje realitetar er å ha dei rette haldningane. Viss det då dukkar opp ubehagelege realitetar som kan påverke dei haldningane som er etablerte, så blir ikkje det tatt omsyn til.

– Kan du gje eit eksempel på det som du omtalar som ubehagelege realitetar?

Han nemner Sverige, og det som blir omtala som «svenske tilstandar», og som han oppfatta at kom heilt overraskande på styresmaktene.

– Og så har det blitt åtvara mot i 40–50 år. Overraskinga kom på bakgrunn av definisjonar som at den einaste grunnen til at folk kan vera skeptiske til innvandring er at dei er rasistar. Nokon annan grunn, som til dømes praktiske problem, vil dei ikkje høyre om. Nei, er du negativ til innvandring så er du rasist. Dei politisk korrekte vil til dømes ikkje veta noko om dei mange som kjem frå klansamfunn der klanen er det viktigaste. Klanen er mykje viktigare enn resten av samfunnet. Dei stolar ikkje på samfunnet dei kjem frå – det er klanen som er deira trygge og einaste ramme. Då får ein desse klanbaserte gjengane, noko som blei veldig tydeleg i Sverige.

No er intervjuobjektet engasjert, og slår ettertrykkeleg fast at alle som mistar makt er skuld i det sjølve. Som døme nemner han den avgåtte høgreregjeringa og tvangssamanslåinga av fylke og kommunar.

– Eit sjølvmordsvedtak, kallar eg det. Dei var skuld i det sjølve, og mistar sjølvsagt makta, fastslår høgremannen.

Mange kjenner Jon som ein kar som trenar mykje – som spring og spring. Tidlegare konkurrerte han også.

– Er det slike frustrasjonar du spring av deg?

– Nei, det er ikkje frustrasjon som får meg til å springe.

– Kva er det då?

– Gleda over å vera frisk og kjenne at eg har ein kropp som fungerer. Eg har oppdaga gleda ved å bruke kroppen. Difor har eg også trivest med fysisk arbeid, anten det var skogsarbeid eller anleggsarbeid.

Arbeidskyrkja som havarerte

I 2017 skilde stat og kyrkje lag. Blei jobben din som dagleg leiar for kyrkja, med ansvar for kyrkjebygga, gravplassane, dei tilsette og økonomien, påverka av dette, og i så fall på kva måte?

– Ingen ting. Skilsmålet mellom kyrkje og stat tydde berre at den lutherske kyrkja ikkje lenger er Noregs offisielle religion. Den lokale kyrkja var ei statskyrkje, men det er ho ikkje meir. Likevel fordelar Staten pengar til drift av kyrkjene, og kommunen fordelar pengane ut at til kyrkjeeigaren, som i Seljord sitt tilfelle er soknerådet.

– Men denne arbeidskyrkja, som gjorde til at du blei politisk engasjert, kvar er den?

Det blir stille lenge.

– Den stranda. Eg forstod temmeleg fort at det ikkje nytta. Eg meiner at det gjekk eit tog etter at me hadde spurt ein arkitekt, som laga ei skisse som me betalte for. Men skissa kom ikkje så langt som til kommunen fordi soknerådet og ulike kulturpersonar ikkje lika teikningane. Då gjekk toget.

Jon sukkar. Nok ein gong blir det stille.

– Alternativet var arkitektkonkurranse, og det hadde me ikkje pengar til. Etter kvart vurderte eg det slik at me kunne berre gløyme å koma til kommunen med ein søknad, slik som kommuneøkonomien var og er. Eg mista trua, og det var ingen i det kyrkjelege fellesrådet som tok det opp att. Då gav eg opp, medgjev han.

Før Jon Svartdal blei tilsett som kyrkjeverje i 2000, var han i åtte år vaktmeister på Granvin. Av utdanning har han realartium og høgare utdanning i økonomiske og administrative fag. Men arbeidslivskarrieren starta med vedlikehaldsarbeid på Sundsbarm kraftverk nokre månadar før han reiste i militæret. Der fekk han mange gode historier av slike som han omtalar som livskunstnarar, mellom andre Kjetil Skoland, Trygve Kivle, Hans Haugan og Håvard Dalen.

Etterpå fekk han jobb i byggebransjen hjå Olav Napastaa. Arbeidsstaden var kloakkreinseanlegget i Kviteseid. Seinare var han med og bygde symjebassenget ved hotellet i Morgedal. Deretter fekk han jobb på anlegg for entreprenør Furuholmen. Der var han i fem år. Av arbeidsstadar nemner han både Vågsli, Haukeli, Ulla-Førre-anlegga i Suldal, Svelgfoss dam på Notodden, samt damanlegg på Smeland i Åseral.

Det var medan han var anleggsarbeidar at han trefte Anne-Marie frå Egersund, som blei kona hans.

– Ho var på besøk på den øvste garden i Suldal, og var då klar for å reise til England som au pair. Den reisa avlyste ho – utan å spørje meg, og tok jobb som kokkeassistent i Moskar på Ulla-Førre-anlegget.

Dei busette seg i Seljord, der Jon nyleg hadde bygt hus. Dei fekk to born, og har fått fire barneborn.

I 1985 var pelsdyr det store satsingsområdet i norsk landbruk.

Pelsdyrsatsinga som feila

Anleggslivet tok slutt, og han blei tømmerhoggar for Telemark tømmersalgslag, og levde av motorsaga med arbeid rundt omkring i Seljord i fem år. Medan han dreiv i skogen blei han pelsdyroppdrettar.

– Den gongen, i 1985, var pelsdyr det store satsingsområdet i norsk landbruk. Prisane var gode då, poengterer han.

Saman med tre andre bygde og etablerte han revefarm på eit område i Nordbygdi i Seljord. Dei satsa både på sølvrev og blårev, men hadde mest blårev. Pelsdyrgarden talde 120 tisper, noko som blei rekna til godt og vel eitt årsverk. Revefarminga skulle syne seg å bli ei feilsatsing. Ei stor industriell pelsdyr-etablering i Finland skulle koma til å slå beina unna næringa i Noreg.

– Produksjonen blei så stor at prisane gjekk rett ned. Me hadde ikkje inntekter til fôr ein gong, me tapa. Då slutta eg, og hadde ei saftig gjeld. I mellom 10 og 15 år deretter levde eg under den definerte fattigdomsgrensa. Då renta var på det høgaste, kring 18 prosent, trekte banken meg alt eg tente. Eg hadde ingenting att. Me levde då på kona si inntekt, samt litt arv, fortel han.

Heilt tilfeldig var det ikkje at Svartdal byrja med farming. Det var ei interesse han hadde hatt sidan gutedagane.

– Eg hadde pelsdyral som 4H-oppgåve, drøymde om å vera pelsjeger i Alaska, og las forfattarar som Jack London og Helge Ingstad. Det var den draumen ...

– Men blei du pelsjeger?

– Nei, men eg har alltid vore jeger. Så eg har skote nokre elgar, hjort, rådyr og rev, svarar han.

Då renta var på det høgaste, trekte banken meg alt eg tente.

Kva lærte så denne allsidige mannen av pelsdyrmisera?

– Viss eg hadde budd åleine, så hadde eg ikkje kome til å ha levert matavfall, for det hadde ikkje blitt noko matavfall. Ingen ting. Det å leva med den anstrengte økonomien, var ei frykteleg belastning for familien og som gjekk ut over kone og born. Men alt det negative eg har opplevd i livet, har gjort noko med meg. Eg er i alle fall ikkje bekymra for framtida. Eg skal greie meg på ein brøkdel av det eg har, og kan leva med ein levestandard langt under den eg har no – utan problem. Det gjeld både husvære og mat. Me har ikkje akkurat svolte, men det har vore tomt både på konto og i kjøleskåp, seier han tenksamt.

Han minnest tida då han arbeidde på Granvin kulturhus og opplevde at ungane heiv 50–øringar.

– Eg plukka femtiøringar heile tida, eg, og tenkte mitt.

– Er du bitter på myndigheitene som narra deg til å bli sett i ein slik situasjon?

– Både myndigheitene og banken oppmoda om det, men dei visste ikkje betre. Det var ingen som prøvde å bedra meg.