Mange hadde møtt fram til opninga av Ymist.
Mange hadde møtt fram til opninga av Ymist.

Ymist – ein møtestad og arena for arbeidsglede

Ein arena for læring, meistring og hyggelege samtalar i flotte nyoppussa lokale. Både nytt og brukt i hyllene, ja ein butikk med ymist innhald er Kvito si nyaste satsing.

Fredag 1. november var endeleg dagen komen. Endeleg skulle den nye butikken på Kvitos avdeling på Flatin i Kviteseid opne, og nokre kunne mest ikkje vente.

Tidlegare Kviteseid-ordførar Tarjei Gjelstad fekk oppdraget med å klippe av snora saman med Kristian Bakkan, før alle gjestene som hadde møtt fram fekk kome inn i dei ljose og trivelege lokala som er bygd om til butikk i Kvitos lokale på Flatin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er nytta handverkarar til ombygginga, og hyller og anna som mellom anna er produsert i snikkeriet i Kvitos avdeling i Nissedal har kome på plass.

Søtt til kaffien

Kakeringens tilsette og brukarar var komne på besøk frå Vinje, og med seg hadde dei sjølvsagt dei aller beste kaloribombene av kaker og bakst som gjestane kunne nyte saman med ein kopp kaffi. Det var også høve til å kjøpe brød og anna bakverk frå Kakeringen.

Inne i butikkhyllene på Ymist vil ein kunne finne både bruka og nye gjenstandar. Pyntegjenstandar, gamle magasin, litt leiker, ljos, serviettar og handarbeid. Og på Ymist tar dei gjerne inn handverksprodukt laga av lokale utøvarar, som knivar, kunst eller fotografi.

Etter at tidlegare Kviteseid-ordførar, Tarjei Gjelstad, (t.h.) hadde klypt av opningssnora saman med Kristian Bakkan, kunne dei saman med dagleg leiar i Kvito AS, Torbjørn Blichfeldt Dyrland (t.v.), juble for at Ymist endeleg var opna.
Etter at tidlegare Kviteseid-ordførar, Tarjei Gjelstad, (t.h.) hadde klypt av opningssnora saman med Kristian Bakkan, kunne dei saman med dagleg leiar i Kvito AS, Torbjørn Blichfeldt Dyrland (t.v.), juble for at Ymist endeleg var opna.
Jan Erik Landgård tok turen frå Vinje og kosa seg på Ymist med kjempegod kake og mange koslege folk.
Jan Erik Landgård tok turen frå Vinje og kosa seg på Ymist med kjempegod kake og mange koslege folk.
Kristian Bakkan og Regine Heimdal tok i mot kundane som ville handle på Ymist.
Kristian Bakkan og Regine Heimdal tok i mot kundane som ville handle på Ymist.
Inne i butikkhyllene på Ymist vil ein kunne finne både bruka og nye gjenstandar.
Inne i butikkhyllene på Ymist vil ein kunne finne både bruka og nye gjenstandar.

Ein anna arena

Ymist er det nyaste tilskotet under paraplyen til Kvito AS, selskapet som er den største arbeids- og inkluderingsverksemda i Vest-Telemark. Verksemda har avdelingar i Nissedal, Tokke, Vinje og Kviteseid.

Dagleg leiar, Torbjørn Blichfeldt Dyrland, seier at Ymist er ei nysatsing han har stor tru på.

– Dette vil vere ein arena for læring, meistring, glede og gode samtalar. Her kan ein, i tillegg til å jobbe i butikken, møte menneske, arbeide med å ta bilde og til dømes legge ut gjenstandar for sal på nettsider som finn.no. Me har fått det veldig fint her, og fleire har sagt at dei ynskjer å arbeide på Ymist. Me vil takke både kommunane og NAV for det gode samarbeidet, seier Dyrland.

Dyrland legg til at Ymist ikkje er tenkt som ein kafe, men ein møtestad ein kan kome innom, og gjerne sitje ned for å seinke skuldrene.

– Det skal vere ein fin plass å vere, og me håpar bygdefolket kjem innom for ein prat, inviterer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men kvifor namnet Ymist?

Dyrland fortel at namnet kom på plass etter ei namnetevling og at det var teamleiar i Kvito, Åsmund Myrstad, som vann tevlinga.

tone.tveit@vtb.no