Staurbering, teater, leik og moro i Øyskogen

Bygdedag i Fyresdal

Fyresdølane dreg i lag meir enn nokon gong. På bygdedagen laurdag er så å seie alle laga i bygda med på eitt eller anna vis. Inger Karin Zettergren som prøvar å samle trådane, er berre lei for ein ting: At det blir kollisjon med Sommarmarken i Kviteseid. – Det satsar me på å unngå for framtida, seier Inger Karin, som likevel trur på suksess for båe arrangørane. Og bygdedagen i Fyresdal blir meir rikhaldig enn nokonsinne. Laurdag kl.11 blæs skulekorpset i luren, og dermed er dagen opna.

Les heile saka