Kim Andre Syvertsen blir motivert av å gje umotiverte elevar tru på seg sjølv. Han underviser på brei fyresdals-dialekt i hovudstaden og meiner det ikkje er noko problem.
Kim Andre Syvertsen blir motivert av å gje umotiverte elevar tru på seg sjølv. Han underviser på brei fyresdals-dialekt i hovudstaden og meiner det ikkje er noko problem.

– Normalskulen er ikkje for alle

Eit prosjekt i Oslo-skulen plukkar ut umotiverte elevar til ein heilt annleis skuledag ein dag i veka. Kim Andre Syvertsen frå Fyresdal er lærar i Opprop Tveten og meiner prosjektet bør vidareførast til Telemark.

– Eg har ikkje budd i Fyresdal på 27 år, men føler det er heime likevel. Mykje på grunn av slik eg snakkar.

Det er nesten så ein ikkje trur det. 30 år gamle Kim André Syvertsen sit på ein fortauskafé i Oslo og fortel om jobben sin i prosjektet Opprop Tveten, som om han ikkje skulle ha budd andre stader enn inst i ei lita grend i Fyresdal heile livet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skal hindre fråfall

– Eg var faktisk ikkje budd der sidan eg var tre år og gjekk berre i barnehage i Fyresdal. Men eg har hatt med dialekta via barneskule på Voss, ungdomsskule og vidaregåande i Skien, og til nå som lærar i Oslo. Eg fekk ei dialektbok om fyresdalmålet av tanta mi som bur heime for ikkje så lenge sidan. Då skjønte eg at eg har klart å halde bra på målet, seier han med eit glis.  

Men det er jo ikkje dialekt denne saka eigentleg skal handle om. Sjølv om dialekta har blitt viktig for Syvertsen i yrket. For tida arbeider 30-åringen med eit prosjekt som har som mål å gjere noko med det store fråfallet i vidaregåande skule.

– Me skal ikkje ta verstingane ut av skulen. Heller ikkje elevane med vedtak og diagnosar. Me vil ha dei umotiverte elevane. Tause Birgitte som sit midt i klasserommet og alltid held på å falle ut av timen. Det er dei som ikkje får noko ut av klasseromsundervisninga og føler dei ikkje meistrar det dei held på med, me vil ha, fortel Syvertsen.

Jobbar med entreprenørskap

Prosjektet som er kalla Opprop Tveten hentar 9.klassingar frå fem skular rundt om i heile hovudstaden, til ein annleis skuledag ein dag i veka. Der får elevane arbeide i små grupper med mellom anna entreprenørskap og profesjonell kortfilmproduksjon.

– Opplegget handlar mykje om å skape meistringskjensle for elevane. Målet vårt er å lage ein så god skuledag at elevane får tru på seg sjølv, slik at det igjen smittar over på resten av skuleveka. Det er vanskeleg for ein lærar å sjå alle like godt i store klasser, hos oss får dei praktisk undervisning i små grupper, fortel han.

Sjølv er han utdanna faglærar i kroppsøving, har ein master i skuleretta utdanningsvitskap og har i tillegg samfunnsfag som fag. Etter to år som lærar på ungdomsskule i Oslo fekk han jobben i prosjektet i kamp med 80 søkjarar. Prosjektet er finansiert av Sparebankstiftinga DNB og Gjensidigestifelsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er også eit forskingsprosjekt som skal finne ut om det me gjer faktisk gjev elevane auka motivasjon. Me fylgjer også elevane som har vore her i eitt år i ettertid. Planen er å utforme ein modell som kan brukast andre stader i landet.

Håpar Vest-Telemark kan bli inspirert

Difor ser Syvertsen på dette prosjektet som noko skular i Vest-Telemark kan lære av. Kanskje er det vanskeleg å få til eit prosjekt utanfor skulen som Opprop Tveten gjer, men det er også ta mogleg å med inspirasjon inn i skulen, meiner han.

– Utan tvil. Eg trur det hadde vore kjempebra. Eg veit ikkje heilt korleis det er på skulane i Vest-Telemark nå, men det er generelt eit veldig stort press på prestere blant ungdom i dag. Ein kan falle veldig om ein ikkje gjer det, seier Syvertsen og gjev eit konkret forslag.

– Bruk entreprenørskap som modell. Då må ein arbeide alternativt, bruke munnlege, skriftlege og digitale ferdigheiter. Ein får trene på kreativitet og samarbeid og få arbeidserfaring. Å tenkje litt annleis trur eg er viktig. Skulen som han er nå, er ikkje for alle. Sjå på samfunnskostnadane ved fråfall. Om me klarer å berre få to av elevane til å fullføre vidaregåande og kome ut i arbeid har me spart inn alle kostnadane til dette prosjektet, fortel han.

Viktig å bruke dialekt i Oslo-skulen

Trikken susar forbi mellom oss og Bislett stadion på andre sida av vegen. Syvertsen bur i ein leilegheit saman med sambuar like ved. Det verkar langt frå Bislett til Fyresdal akkurat nå, kunne han likevel bli freista av eit jobbtilbod frå heimkommunen?

– Me måtte tatt eit møte då, gliser han bak det lange skjegget og held fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kanskje ikkje ennå, men eg har veldig lyst heim til Telemark. Eg saknar heime og likar naturen og folka godt.

Om han hadde flytt, hadde ein iallfall knapt merka på talemålet at 30-åringen ikkje har budd i bygda han kallar si heimbygd på 27 år. Han oppmodar andre utflytta vesttelar som jobbar som lærarar utanfor regionen, til å vere meir bevisste på å ta vare på dialekta.

– Erfaringa mi er at mange som begynner å jobbe som lærarar i Oslo redd for å bruke dialekta si. Kvar gong eg har nye elevar skriv eg opp på tavla dei orda eg veit eg brukar mest. Høtt, høffer, høssen dykken, og økkøn. Så lagar eg ei lita ordbok til dei. Etter 14 dagar så forstår dei meg, seier han og fortel om ein episode når to elevar stod og snakka med han.

– Ein av dei hadde ikkje hatt meg som lærar og spurde kameraten: «Skjønner du hva han sier? Han andre svarte «ja, det er jo ikke vanskelig i det hele tatt». Dei har faktisk veldig godt av å høyre andre dialektar, smiler Syvertsen.