Nikolai Hektoen (31), Tynset, singel,sivilingeniør frå NTNU, utviklingsingeniør, ølbrygging og teknologi
Nikolai Hektoen (31), Tynset, singel,sivilingeniør frå NTNU, utviklingsingeniør, ølbrygging og teknologi

Nikolai fann sitt maritime teknologimekka på Dalen 140 km unna næraste drope saltvatn

Nikolai Mejdell Hektoen (31) jobbar som utviklingsingeniør ved Brunvoll Mar-El på Dalen. Han har ein Mastergrad i Maritim Kybernetikk frå NTNU i Trondheim. Det betyr at han er ekspert på styringssystem til skip.

Og då var det jo heilt naturleg å søkje jobb i Dalen, midt i Telemark, meir enn 140 kilometer unna næraste drope saltvatn? – He, he – ja, det var det faktisk. Brunvoll Mar-El har eit av de fremste og mest spennande fagmiljøa i Noreg, og dermed verda, for ein med mi utdanning slår han fast.

– Brunvoll Mar-El er ein leiande aktør i Noreg innan elektroniske styringssystem til skip. Noreg er verdsleiande innan denne teknologien. Det betyr at me også er i verdstoppen. Då eg søkte og fekk jobben, var eg derfor ikkje i tvil eit sekund. Brunvoll Mar-El er ein veldig spennande verksemd å jobbe i. Samtidig må eg jo innrømme at det er litt morosamt at vi driv med maritim høgteknologi her, langt opp i Dalen – midt i Telemark – milevis unna havet, humrar Nikolai.

Artikkelen held fram under annonsen.

Segways fengja interessa

Etter militæret begynte Nikolai på dei krevjande studia i Kybernetikk ved NTNU.

– Kybernetikk er eit veldig matematikktungt studium, og passer sikkert ikkje for alle. Men spennande er det, for faget handlar om utvikling av reguleringsteknikk og -system for alt frå segways og andre raritetar til bilar og båtar. Ei tilfeldig demonstrasjon av ein segway då klassa mi på vidaregåande besøkte NTNU, var faktisk det som fengja interessa mi for faget, fortel Nikolai.

Les om#tidtilmeir

Nikolai Mejdell Hektoen (31) fann sitt maritime teknologimekka 140 kilometer unna næraste drope saltvatn
Nikolai Mejdell Hektoen (31) fann sitt maritime teknologimekka 140 kilometer unna næraste drope saltvatn
– Eg må jo innrømme at det er litt morosamt at me driv med maritim høgteknologi her, langt opp i Dalen – midt i Telemark – milevis unna havet, seier Hektoen.
– Eg må jo innrømme at det er litt morosamt at me driv med maritim høgteknologi her, langt opp i Dalen – midt i Telemark – milevis unna havet, seier Hektoen.
Bjønn Tjønn.
Bjønn Tjønn.

Logikk folk forstår

– Eg har spesialisera meg på maritime styringssystem, altså styringsteknikk som styrar motorar, propellar og thrusterar på skip. Som utviklingsingeniør, eller R&D Engineer, i Brunvoll Mar-El er eg derfor midt i smørauget i forhold til mi fagkompetanse. Eg jobbar både med utvikling av heilt nye produkt og utvikling av nye funksjonar på eksisterande produkt. Min jobb er å utvikle all styringslogikken. I praksis betyr det at eg stort sett sit og kodar, eller programmerar. Til denne oppgåva høyrer også ansvaret for User Interface, som vil sei design på skjermbilda og logikken bak funksjonane. Målet er at det vert mest mogeleg brukarvenleg – ein logikk som folk forstår.

Trivst godt på Dalen

– Sjølv om eg ikkje har budd der på mange år, kjem eg opphavleg frå Tynset. Foreldra mine flytta til Oslo da eg drog i militæret, og etter det har heller ikkje eg budd der.

Mi bakgrunn frå Tynset bidreg nok likevel litt til at eg ikkje har noko problem med å bu eit stykkje frå storbyen. Eg føler dessutan at eg i ein travel jobbkvardag ikkje ville hatt noko særleg tid til å bruke fritidstilbodet som ein storby kan by på. Det tar uansett berre ca. 3 timar å køyre til Oslo, og den turen tek eg stort sett kvar helg for å møte venner og familie.

– Betre å ta seg ein hyggeleg tur i helga, enn å stå timevis i kø fram og tilbake til jobben kvar einaste dag, smiler han. Her har eg fem minuttar spasertur til jobb, og kan bruke tida til noko vesentleg meir fornuftig enn å stå i kø.

Ølglad teknofreak

– Dalen kan jo by på flott natur, men eg er nok ikkje den store turgåar, må Nikolai medgi. – Det blir jo ein del jobbing, og den fritida eg har, bruker eg gjerne på favoritthobbyen min, ølbrygging. Det har eg drive med dei siste 10 åra. Eg brygger 10-12 gongar i året, og det blir ca. 25 liter kvar gong. Det er alltid spennande å sjå resultatet. Nesten like spennande som når ny teknologi frå Brunvoll Mar-El skal testast ut på dei sju hav, smiler Nikolai Mejdell Hektoen, der han slappar av i ein teststol som står i resepsjonen til den vesle høgteknologibedrifta på Dalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spanande hybridsatsing

– Akkurat no er Brunvoll AS midt inne i ein spennande satsing på utvikling av hybridteknologi til sjøs, fortel dagleg leiar. Utvikling av elektriske framdriftssystem på skip er i sterk vekst over heile verda. Me i Brunvoll Mar-El på Dalen har fått eit hovudansvar for dette satsingsområdet i Brunvoll-gruppa. Vi har allereie fått fleire store ordre på hybridløysingar som vi har utvikla i samarbeid med andre bedrifter. Ein av dei er Grenland Energy – ein annen bedrift frå Telemark – som er spesialister på batteriteknologi.

Liten, fleksibel og rask bedrift

Med sine 39 tilsette er ikkje Brunvoll Mar-El på Dalen verdens største bedrift. – For meg er det heilt perfekt, seier Nikolai. – Eg stortrivast i ein liten og fleksibel organisasjon der det, i bokstaveleg og dobbelt forstand, berre er ein trapp frå «gølvet» og opp til leiinga. Her får eg være med på heile utviklingsløpet frå idé til ferdig testa og lanseringsklart produkt. Brunvoll er dessutan ein veldig «rask» bedrift, der det er veldig kort veg frå utvikling til ferdig produkt. Det betyr at me som jobbar her raskt og ofte får sjå resultata av det me driv med. Det er utroleg motiverande.

{{facts}}

Innhaldet i denne artikkelen er ikkje laga av Vest-Telemark blad sin redaksjon, men av Telemark næringshage.

Vest-Telemark blad er opptatt av eit tydeleg skilje mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Om du opplever at denne eller andre annonsar på vtb.no er utydeleg merka, gje oss gjerne beskjed på e-post: annonse@vtb.no

 

Det er mange som ynskjer å kombinere ei interessant karriere med eit godt liv på landet, men er det mogeleg?

I Vest-Telemark finst kompetansearbeidsplassar på høgde med dei beste miljø i Norge og verda.

Telemark Næringshage er tett på mange av deira utviklingsprosjekt, og oppdagar at dei sit på spanande stillingar som ikkje vert utlyst.

Samstundes har vi vener frå fjern og nær som trur ein må gje opp si profesjonelle karriere for å flytte hit.

Ein logisk brist vi har tenkt å gjere noko med. 

#tidtilmeir handlar om moglegheiter og om å ta eit val. Det handlar om «worklifebalance» og å setje sine eigne fotavtrykk.

Vi formidlar historiar om menneske som har gjort nettopp det samstundes som dei representerer si bedrift som er på søken etter fleire tilsette. Kanskje er det deg eller nokon du kjenner?

#tidtilmeir kan bli din og min hashtag – den kan syne det gode livet på og utanfor jobben her i Vest-Telemark. Ta den i bruk :)